søndag 27. mars 2011

Sydensnop og utfordring


Bloggesperre heitter det visst når ein ikkje har innlegg på nokre dagar.

Her vart det ein slik pause, etter ei hektisk veke, og manglande inspirasjon til "kva eg kan blogge om"? Så eg hadde vel ei bloggesperre kanskje.

Eg kunne jo uansett ha svara på spørsmåla i utfordringa eg fekk av Kalas Mystiske Hjørne:

Spørsmål 1: Kvifor starta du og blogge?
Eg starta bloggen min som ein bryllaupsblogg, med informasjon til gjester og andre om førebuinga til bryllaupet vårt 20.06.2009.

Spørsmål 2: Kva bloggar følger du?
Eg føl mange bloggar fast. Du kan sjå på blogglista mi, så ser du kva bloggar eg er inne på.

Spørsmål 3: Favoritt makeup merke?
Eg bruker ID minerals pudder, MaxFactor maskara, Dior øyenskugge, solpudder og lipgloss.

Spørsmål 4: Favoritt klesmerke?
Tja, eg veit ikkje heilt. Eg bruker mykje forskjellig frå HM, Vero Moda, Vila etc

Spørsmål 5: Ditt "må ha" makup produkt?
Maskara

Spørsmål 6: Favorittfarge?
Rosa

Spørsmål 7: Favoritt parfyme?
Hugo Boss Femme

Spørsmål 8: Favoritt film?
Nothing Hill

Spørsmål 9: Kva land vil du besøke og kvifor?
Oj, vanskeleg.....er så mange...

Spørsmål 10: Kva gler du deg til i nærmaste framtid?
Familieferien til Mallorca i juni

Eg sender denne utfordringa vidare til dei bloggarane som les min, som ikkje har fått denne før!!



Viser dåke kva eg fekk av mammo mi som kom i frå syden i dag. Ho har vore vekke i 5 veker. Masse tyggis!


Bling bling klokka

Og ein pose gul M&M.

Den må sparast til neste lørdag. Eg var nemlig på vekta i går, og no er det litt skjerpings frametter...

Ha ein super søndagskveld. Mannen kom nett heim frå fest på "stavangerviddo", og eg skal ut og trimma meg litt!

1 kommentar:

  1. Kjekt med utfordring då .... :-) va litt kjekke å lesa den faktisk ;-)

    Sydensnop er kjekt -på ett vis- Men i denne heimen he me nok ete MEIR ENN NOK snop alle 3... Fy søren altså. Trur eg må setta FAMILIEN på slank... Uten at eg trur de vil fungera så godt då men...

    Ha enn fine mandag!!!

    SvarSlett