mandag 28. mars 2011

Det enkle er ofte det beste!


Eg er vel kjent for å vere ganske effektiv, når eg bare sette i gang...

I dag har eg baka knekkebrød, eg er nesten blitt litt avhengig av dei etterkvart. Då eg og 3 veninner var til Bergen sist onsdag, såg dei bare rart på meg då eg fortalte at eg hadde skinka og paprika på knekkebrøda. Det var bare ost ein kunne ha på knekkebrød, meinte no dei. "Dåke har gått glipp av noko", meine no eg!

Kveldsen i dag er sjølvsagt nysteikt knekkebrød, som sjølvaste mannen steikte mens eg var på tur!


Te og kaffi er eit must kvar dag. Etter kl 18, drikk eg bare te. Eg pleier sovne lett når eg legg hovudet på puta, men minnene om søvnlause netter etter for mykje kaffi på kveldstid, sit som spikra.


Etter mange ulike te-kjøp og testing, kjem eg alltid attende til den vanlege "Four red fruit" frå Twinings. Men eg varierer innimellom, og det siste tilskuddet frå Oslo var svært vellykka.

No ventar eg på at mannen skal komma ned frå lesing til junior. Han skal sjekke om vi har alt utstyret, sånn at eg kan byrje male på skoskapet.

3 kommentarer:

  1. Heilt enig! Ein kan jo ha ALT på knekkebrød :) Sjølv om eg ofte går i tralten "kvitost eller kryddersmøreost"
    Idag har eg og prøvd meg på desse heimelaga knekkebrøda... for fyrste gong.. etter oppskrift frå sjølvaste AnneTOne.. Knallgode! Så ska kje sjå vekk i frå at eg og blir hekta ;)

    SvarSlett
  2. Jeg har også lyst å lage disse berømte knekkebrødene, jeg har erfart at kroppen fungerer mye bedre uten brød. Har ikke stekeovn for tida men håper snart å ha den i orden. Og da.....;-)
    Såg veldig godt ut:-)
    klemklem

    SvarSlett
  3. Knekkebrød e ett must i kvardagen!!
    Går for smøreost eg då, si eg e så vanskelige når de gjelde pålegg!!

    God natt :-)

    SvarSlett