onsdag 2. februar 2011

Vennskap


Eg kjenner meg veldi heldig. Eg kjenner meg veldi heldig, fordi eg har så mange gode vener.


Nokre av venene mine har eg kjent sidan vi leika i sandkassa. Andre vener er eg i slekt med, og har vokse opp med. Eg har vorte kjent med vener etter at eg byrja på skulen, ungdomskule, vidaregåande, folkehøgskule, høgskule og jobb. Venner har eg vorte kjent med via andre vener. Og nokre vener hugsar eg ikkje korleis eg vart kjent med, men dei er nokre av dei eg set mest pris på av alle vennane mine.

Vener betyr svært mykje for meg. Det er mennesker eg kan stole på. Dei tek meg for den eg er. Eg kan snakke med dei om alt, og eg veit at dei aksepterer meg for mine meiningar og valg. Dei støttar meg, både når eg har det bra og når eg har det vondt. Og dei viser at dei er glad i meg. Eg er veldig heldig som har slike vener.


Eg prøver å vise vennane mine at eg set pris på dei og, at dei kan stole på meg og at eg støttar dei! Det kjekkaste eg veit, eg å kunne glede vennane mine. At eg gjer dei ei gåve når dei minst anar det, at eg sender dei ein klem på sms, eller bare viser at eg hugsar på dei i daglege situasjonar.

Men av og til gløymer eg bursdagar eller andre begivenhetar....og då får eg dårleg samvittighet...men eg kan ikkje alltid hugse på alt, sånn er det bare :-D 

Og eg er ikkje flink å ringe dei lange telefonsamtalane lenger...får så vondt i nakken!! ( Tok du an?)


Ikkje tar eg meg tid til å kose med denne vennen min på 8 år lenger....så når vi får besøk er den så kosesjuk, at eg får vondt inni meg! Skal skjerpa meg, Einarpusen!

Når vener hugsar på spesielle ting ved meg, vert eg svært glad. Som at ein kollega hugsar at eg elsker "Nidar favoritter" og plutselig kjem med ein slik i gåve til meg... At svigerinna mi hugsa at eg ønska meg denne skåla frå Riviera Maison, at mannen veit at eg blir kjempeglad når han kjem heim med eit nytt blad til meg!

Og noko av det som eg ALDRI kjem til å gløyma, er utdrikkingslaget mitt. Alt dei visste om meg. Eller alle små deltaljar som eg ikkje tenker på i kvardagen, men som dei hugsa på! Detaljar som gjer meg til meg.

Tusen takk for at eg har så mange flotte vener. Eg set veldig pris på dåke alle!

5 kommentarer:

  1. Det er vi som er heldige som har deg som venn :-)

    SvarSlett
  2. Ska sei du er i god hjørna i dag, frk skrittkomandør! ;) Vil berre nett sei at her ein dag søkte eg ny jobb ( sidan eg går i vikariat må eg vera "førevar"), men etter søknaden var sendt var eg ikkje glad eller spent... Det er for det at eg har det så utruleg bra borte hos dåke, og du er ein av dei som står fremst og gjer sånn at me alle har da så bra! ;) Så eg gleda meg te nye skritt med ( eller for) deg! Hehe! Og husk! "som man sår, høster man"!! God klem til deg! Vero. Ps!!((No skal det seiast at det er langt meir kvalifiserte søkara til den andre jobben, så eg blir nok verande..!!))

    SvarSlett
  3. Takk, kjære dåke!

    V:
    Eg skjønar sjølvsagt at du søker nye jobbar, men hadde eg kunna, så skulle eg ha laga ein stilling til deg, bygd ein pult til deg, og latt deg få låna telefonen min...Eg er glad for at du kom til oss. Håper bare du får bli og!

    Og til deg, Gunhild, du kan drita i å skifta jobb...

    SvarSlett
  4. Herlige du! <3

    Dette innlegget er så varmt og fint. Heldige venner du har. :)

    Du har fått en award av meg. Sjekk siste innlegget mitt ;)

    SvarSlett
  5. Så flinke du er å Blogge.

    Ska bli godt å komma heim.

    SvarSlett