onsdag 23. februar 2011

Onsdag er dessert dag!!


Ungane spør ofte om vi kan ha dessert etter middag. Dei ynskjer då helst is. For å sleppe å måtte ta stilling til om det er ein dag for dessert eller ikkje, har vi avtala at vi skal ha dessert to dagar i veka, onsdag og søndag!


Vi har prøvd ulike godsaker, men ungane endar opp med å få ein is, fordi "dei likar ikkje" det vi har...

I går laga eg og junior difor gele med frukt i stettaglas, for at det skulle vere meir fristande.

Eg gjekk før den var stivna, og då eg skulle sjå på dei i dag, var det komme eit hjarta oppi den eine....


Det var visst litt kvardagsromantikk igjen her! Stili iallefall. Eg gler meg til etter middag i dag!

(Vi skal ha sundepølsa, kålrabistappe og potetstappe til middag (!) så eg veit egentlig ikkje om eg har plass til gele?!? )

1 kommentar:

  1. Lekker dessert då! Hadde blitt veldig glad eg, om eg blei servert "sovore" på ein heilt allminneleg onsdag!
    Lukka t!

    Marian

    SvarSlett