søndag 26. desember 2010

Sjå kva eg fekk!!

 Boka "Rosendal gjennom 4 årstider", er ei svært gjennomført bok. For meg er den eit must å ha, frå den vakraste bygdo eg veit om.  Den fekk eg av mamma og pappa, i tillegg til jakke og vottar!!
 Dette smykket vart eg mest glad for av alt. Det fekk eg av gullo mine. Eg leste om det i dette innlegget hos Den gode feen, og gav mannen eit tips.... og då eg skulle åpne pakken på julafta, sa tullemor: " no kan du åpna smykket ditt, mamma!"

 Denne boksen har eg tenkt å ha på badet, med smykker og øyradobbar i, etter tips frå mannen!

Og til slutt eit bilde av alle dei flotte julakorto vi har fått i år. Fekk ikkje plass til alle i opphenget eingong. Nokre vin har vi fått, og fleire supre gåver. Særleg sette eg pris på eit krus med bilde på!!

I dag har vi vore på middag hos mine foreldre. Etterpå var mannen på skitur, og vi var ute og aka, sparka og testa slalåmski! No er vi raude i kinna, og kosar oss med film og puslespel. Vi sullar visst rundt i ullundertøyet enda......

3 kommentarer:

  1. Fine gåver☺
    Det smykket er nydeleg!!☺

    Høyrest ut som ein koseleg 2 juledag☺
    Vi bere slappa av og sløva inne♥ Elias er litt småforkjøla so då frista det ikkje med 15 minus...

    Fortsatt god jul☺

    Juleklem M♥

    SvarSlett
  2. Så mange kjekke gåver. Ser ut som dåke har ei hærlig jul!!

    Klem Frøydis

    SvarSlett
  3. Nydelig smykke :-)
    *heldiggrisen*
    Du fekk møje fint ser eg!!

    Det gjorde eg og, -men har visst ikkje øvesikten endå.. Komme nok når me ska pakka i mårå :-) Rosendalsbokå e knallfin. Eg fekk den i førjulspresang av gamle-sjefen. Då blei eg glad!!

    Klem AT

    SvarSlett