onsdag 8. desember 2010

Kokosbollar

 I går laga eg årets ladning med kokosbollar, og eg skal dele oppskrifta med dåke.

Ta 2 dl vatn og 500 gram sukker og kok det i 12 min. Avkjøl det.

Legg 8 plater gelantin i bløyt i kaldt vatn i 10 min. Etterpå knepper du ut vatnet, og legg dei i ein kjele med 1 dl kokande vatn. Viktig at det ikkje koker etterpå. Avkjøl dette og.

Sukkerlaken, gelantinen og 2 ts vanilje sukker piskast svært godt, til ein krem. Eg trur Kenwooden stod på i 45 min.

Ta kremen og lag toppar på bakepapir. Eg brukte Tupperware "kremsprøyte" til det vart for klissete, etterpå brukte eg bare skei. Du kan no velge kor store dei skal vere. Set dei så til avkjøling. Eg gjer dette stort sett når det er kaldt ute, fordi eg ikkje har plass til det i kjøleskåpet mitt. La dei stå i eit par timar.
 Ta 2 plater mørk kokesjokolade, og 120 gram kokosfett/delfiafett og smelt i vannbad. Dette er dobbel porsjon på sjokoladen, og eg brukte opp alt i går.

Dypp kremtoppane i sjokoladen (bruk to gaflar), og rull dei så i kokos. Avkjøl dei på nytt. Og vips, så har du kokosbollar, som smakar nesten betre en dei du kjøper!! Oppbevar dei i kjøleskåpet. Dei kan og frysast.
Denne skal eg ete no!!

5 kommentarer:

  1. Mmmmm NAM det såg godt ut!
    Kanskje eg må prøve meg på desse☺

    Kos deg med kokkosbollen din☺

    Klem M♥

    SvarSlett
  2. Nam...eg glede meg te å komma på besøk til jul, håpe dt e fleire igjen då :))

    SvarSlett
  3. Hei!
    No har vi laga kokkusbollene dine. Dei vart like gode som smaksprøven du hadde med på jobb.
    Sei til Veronica at da va skitenkelt å få da til!

    SvarSlett
  4. Eg ler! Litt "kniving" mellom kollegare her!!! Tihi

    SvarSlett
  5. Gni da inn Jostein...! Eg e så ung at eg har mykje å læra veit du!! ;p Du kjem forresten ikkje te få smaka når eg får da te!! ;)

    SvarSlett