søndag 12. desember 2010

Juleverkstad

I dag har vi vore på juleverkstad hos "gamle-naboen" min. Ho er veldig flink å lage til sånne samlingar for alle, både store og små. Det set vi veldig pris på. I vennegjengen min, er det berre eg og min familie som ikkje høyrer til Rosendal-skulekrins. Dei andre både ser kvarandre, og gjer ting saman i form av fritid, skule etc, enn det vi gjer. Eg set derfor veldig pris på samlingane vi har, både med og utan born. Men for meg er det og viktig at borna skal kjenne kvarandre, og leike saman. Dette då vi vaksne har så pass mykje med kvarandre å gjere.

Her lagar dei julekort! (trur det var ei som tok att det forsømte her!!)
Eg har ikkje avklart med alle, om eg kan bruke bilder på bloggen, og tenker at andre skal ikkje pressast til å sei ja, når eg spør. Eg får difor ta valget for mine eigne born.

 Denne var det ei litt større jente som laga. Kjempefin. Do-rull nisse er ikkje det den ein gang var:-)
 Og etter at vi var ferdige med å lage julepynt/julekort, ja så var det frileik. Og kva er vel meir naturleg enn å kle seg ut som indianar? Han gjekk rundt med ei ugg-ugg-øks og sa "ned med buksene!!" Kor tok han det frå??
 Tullemor laga denne litt pukkelrygga kongle-figuren. (vart litt usikker på om den var ein engel eller nisse, eller kva det var...) Og junior laga denne sure engelen. Kvifor han var sur, sa han ingenting om.
 Men eg kunne ikkje la vere og ta med denne nydelege coboyen her. Det er avklart med opphavet.

Kem kan vel sei nei til denne????

Ha ein fin 3. søndag i advent alle saman!

Og til Aina: så kjekt å sjå "spor" frå deg her!!! Det sette eg pris på. har sendt eit julakort te deg!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar