torsdag 22. april 2010

Vaskerom

No er prospektet for salg av huset vårt klart. Det blir lagt ut på Finn.no no snart, og i lokalavisene i neste veke. Så blir det visning 9. mai! Gurimalla alltså, no e eg spent på forsettelsen.

Så då viser eg vaskerommet mitt i dag. Da e vel eit av dei romma eg er mest fornøyd med. Masse skap og skuffeplass, ved å bruke kjøkken innredning frå Ikea. Eg har 6 skittentøyskorger (Ikea) som eg sorterer kle i, og når eg skal vaske kan eg bare trille den til vaskemaskina, og legge inne. Veldi lettvint!

Tørkestativa er og frå Ikea, og dei kan eg heise opp og ned. Praktisk når ein skal henge opp, og så kan eg heise dei opp så dei ikkje kjem i vegen for noko. Eg liker Ikea!

Og på Stemning i Rosendal fann eg denne vaskepulverboksen. Den var så stilig at eg kunne ikkje la den vere igjen der inne...


3 kommentarer:

  1. Så herleg å ha eit slikt vaskerom!! Praktisk med skuffer, skap og benkeplass!
    Vi har ingenting av det-enno!! Planane er klare, men rommet er ikkje so veldig stort dessverre.
    Her viser du jammen eit slikt tak stativ eg har lyst på!! Må vere kjempepraktisk!! Spesielt sia vi har so lite gulvplass!!
    Å det ska bli godt med ordentleg vaskerom merka eg no☺

    Spennande med vising då...kryssar fingrane☺

    Klem M♥

    SvarSlett
  2. Å for ein fantastisk orden du har på vaskerommet;)

    I sommar er planen at vi skal innrede vaskerommet med skap frå IKEA. Det gler eg meg til!

    Lukka til med salget.
    Klem F

    SvarSlett
  3. Jøss, det var et hææærlig vaskerom!!! Og den vaskepulverboksen var knalltøff!!!
    Lykke til med salg! Det går nok lett som bare det!! :)

    SvarSlett