mandag 26. april 2010

Sunnheten sjølv!

Eg har starta eit prosjekt med såing. Og vart då veldig glad då eg fann desse spireboksane i hagesenteret Bo Grønt Fredheim Gartneri (Reklame Reklame)! Greit å "så" inne utan jord overalt.

Desse boksane var nette og greie å handtere.
Her ser du alfaspirer, som er veldig gode på kvitost, leverpostei etc. Og kan brukast i salatar.

Her har vi bønnespirer, som kan brukast i wok, på smørbrød og i salatar!

Dei får næringa si ved at eg skulle skylje dei 2-3 ganger om dagen, og stå mørkt i 2-3 dagar. Eg sette dei berre i eit kjøkkenskap, og det funka bra! No skal dei stå i glaskarmen til dei er klare til å ete! I tillegg har vi sådd den tradisjonelle karsen. Kjekt med litt gode lukter på kjøkkenet!

2 kommentarer:

  1. Detta såg spennande ut! Må nok ha meg ein tur inn i gartneriet å handla ein dag. Må planta i urner til 17 mai. Masse fint der inne sist eg var der. Så du har lov å reklamera;) Klem

    SvarSlett