fredag 12. mars 2010

Fredda`n

I dag kunne eg fortalt dåke om då eg oppdaga at Ica hadde eit knalltilbud på Nidar Favoritter, og eg nesten tok ein handbrekksladd på Husnes, for å komma meg inn der....for så å oppdaga at dei va nesten tomme!! men at eg klarte å kapra 3 posar. Men då ville dåke trudd at eg var litt gal, og at eg ikkje hadde godt av meir sjokolade. Og eg fortel heller ikkje at eg no har 8 sjokoladeplater i skåpet, forda da har vore nesten halv pris på dei på Spar og Rimi...nei, då vil dåke tru at eg kan " gå over lik for eit tilbud"....

Så eg fortel dåke heller at mannen snart kjem heim, med hyller frå Ikea til lillesnuppa mi. Så ho mor skal stasje  da vetla rommet hennas i måro. I tillegg til å mala den nye tallerkenhyllo mi! Oh yes!

Så ha ein fin fredag alle saman!

1 kommentar:

  1. husk ka eg har sagt Solveig, sjokolade e ikkje sunnare for da om da e på tilbud...:-D snakka eg om....da e jo ikkje spesielt sunnare for da om ein ligge på sofaen å synest synd på seg sjølv..... men du kor godt da e!

    SvarSlett