tirsdag 22. desember 2009

Og så no då...

I dag fekk eg denne nydelege oppsatsen frå min kjære mann! Og heldige meg som har ei veninne som er blomedekoratør som veit kva eg likar!!

Men da som e mindre kjekt er at mannen har knekt foten, og i dette øyeblikk e nyoperert på Stord. Operasjonen var vellykka, men vi veit ikkje om han kjem heim til jul. Eg e difor litt lei meg no. Og han har sendt meg blomar for å vise at han er lei seg. Dette då han hadde vore heime i eit døgn då uhellet skjedde....og då hadde han vore på jobb i nesten 3,5 veke...så da blei litt mykje på ho mor!!
Men for ungane si skuld, så ska da ikkje mangla noko til jul. Så no er treet på plass ( takket være storebror, Terje!) , og eg ska vaska og ordna i måro, sånn at da blir jul hos oss og!

Savne deg, Terje. Håpe du snart kjem heim til oss.

2 kommentarer:

  1. Uff då....he tenkt masse på dokke no ja. Men bra han kjem heim no då. So snill han e som sende blomster te deg då, og så flink du e som står på likevel. Håpe dokke får ei fine jul no då tross alt.
    Masse gode juleklemma frå oss 3

    SvarSlett
  2. En nydelig oppsats :-)
    God bedring til Terje når han kommer hjem, og en megklem til deg Solveig. Du er jernkvinnen ;-)

    SvarSlett