onsdag 30. september 2009

Litt Rosendalsreklame

Har hatt fri idag, og dilla litt på skåla, saman med mannen! Og det var etter at vi hadde levert ungane, ilag, vore på trimtur te Aterstad, ilag, ete god lunsj, ilag, og så dilla på skåla, ilag!! Så i dag har vi gjort ting ilag, noko som skjer alt for sjelden.

Men til saken. Eg var innom på Stemning ein tur, og Margreta hadde nettopp prisa og sett fram nytt frå Green Gate. Og da va masse fint! Ho ventar inn skåler frå Bruka ( dei med Chips, Popcorn etc) i neste veke!! Løp og kjøp alltså!

Og ikkje nok med da, men då eg var inne hos Bente på Bokhandlaren, så hadde ho fått inn produkt frå http://blafre.no/ . Og da va flaks, for eg øydela nemli prinsesso sin matboks i går....så då kjøpte eg ny der!!

Eg likar godt å handle lokalt, og er veldi gla for at mine favorittbutikkar ligg i Rosendal, og at dei tar inn favoritt tinga mine. Derfor reklamere eg gjerne for dei!

PS. Siste dag for å ta lodd!!!!! Trekker den i måro kveld!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar