mandag 3. mars 2014

NIB utfordring; soverom


Sist utfordring var eg så heldig å komme på 
galleriplass hos NIB, Norske Interiørblogger.

Sånt gjer meg ein ekstra piff til å forsetje 
med det eg gjer.

Eg får til noko,
og andre synst det er bra!

I mars er utfordringa:

soverom




Som er skreiv i forrige innlegg,
er eg svært nøgd med soverommet vårt!

Grått, svart og kvitt,
enkelt og harmoniskt.

Eg prøver difor lukka igjen hos NIB,
med eit soverom EG er svært fornøyd med.

Har du blogg, kan du og delta,
eller får inspirasjon til soverom ved å gå inn her 
og sjå på alle dei andre flotte bidraga.


mandag 24. februar 2014

Gråtoner


Soverommet er det rommet vi tilbringer
veldig mange timer i døgnet.
Eg er difor oppteken av at det skal
vere eit rom som gjer at eg slappar av.
Det skal vere svalt,
nøytralt og innbydande.




Eg har valgt fargane 
grå ( valmuefrø )
svart ( dempet sort)
og kvitt!

Prøver så godt eg kan å halde rommet ryddig,
det er så mykje meir behagelig.
Mannen ser ingen grunn til å reie opp senga, og iallefall 
ikkje legge på sengteppe....
Men det gjer eg.

Sikker på at eg søv betre når senga har vore oppredd....


Sist veke kom det ein stor pakke i posten.
Alle veit at eg likar pakkar i posten!!'

Nytt sengteppe.




Samme farge som vegg og nattbord,
mjukt og godt.

No vart rommet komplett.

Sengteppe frå Dekoria.

Gå inn og sjå det breie utvalget dei har
i sengtepper mm. ved å klikke HER



Dette innlegget er sponsa!



onsdag 19. februar 2014

Har eg Norges finaste kosekrok?

Favorittbladet mitt Kamille utlyste like etter jul
ein konkurranse på Instagram,
"Har du Norges finaste kosekrok?"

Eg elske konkurransar,
og sendte inn mitt bidrag.


For to veker sidan fekk eg vite at mitt bildet var 
trekt ut til finalen!

Du kan tru jubelen sto i taket.

I går kom bladet i posten,
og no kan alle som vil stemma på det bildet dei likar best.
Uansett er det kult bare å bli trekt ut,
blandt nesten 200 bidrag.

Jiiiihaaaaaa




Eg håper sjølvsagt at du liker mitt bidrag og har lyst å gje meg ei stemme.

Send KAMKROK5 til 2205 
(1 kr)



Kosekroken min har flytta seg litt, 
men Acapulco-stolen er med.
Eg kosar meg mykje,
og elske å laga det fint rundt meg.


Kamille er alltid med,
eit blad eg aldri vert lei av.

Påskeliljer?

Ja, løkblomar er og ein  favoritt
og med ein gong dei kom inn i varmen,
så blømte dei.

Vårfølelse deluxe.







søndag 16. februar 2014

Galleriplass hos NIB


For aller fyrste gong,
vart mitt bilde valgt ut av dei flotte damene 
i Norske interiørbloggere,
til å pryde galleriplass etter ei utfordring.

"Tapetinspirasjon"

Det er så gøy og veldi stort for meg!

Sjølvsagt er eg jo med på utfordringane 
med eit håp om å vinne,
eller komme på galleriplass!

Eg var veldi fornøyd med dette bildet,
og når det får pryde galleriet
  gjer det meg meir inspirasjon til å delta fleire gonger!
Det gjer meg og inspirasjon til ta bilder og blogge meir.

Viss du vil sjå mitt og fleire flotte bidrag,'
kan du klikke deg inn her.

Tusen takk!

mandag 3. februar 2014

Tapetinspirasjon


Ikkje er eg så driftig på styling og gode bilder,
ikkje har eg alt da nyaste av alt,
men TAPET har eg i gangen,
og den er eg veldi fornøyd med!

Då eg såg utfordringa til NIB denne månaden,
tenkte eg at eg måtte få vise fram den flotte 
betong-tapeten min.


Tapeten frå Storeys er så verkeleg,
at tilogmed mannfolk har måtta bort for å kjenne på den,
"er det ikkje betong???"


Angre ikkje eit sekund på at eg fekk ein proff tapeteserar 
til å gjere jobben.
Det har ikkje løsna noko,
og den er perfekt heile vegen ned.


Eg er glad for at finalen sist månad viste 
mangfaldet hos bloggarar, og gratulerer vinnaren,
som var med i NIB finale for fyrste gang!!

Eg har ikkje noko forhåpning om verken da eina eller da andra,
men eg vil få visa fram den kule gangen min,
med den kulaste tapeten!



tirsdag 28. januar 2014

Fargeklatt innimellom alt det svart-kvite



Eg har prøvt meg med gule fargeklattar før, 
og må innrømme at eg har likt det.

Her er og dei to nye putene eg har sydd,
av eit gardinstoff frå Ikea.

Som du ser, så er eg ikkje lei det svarte- 
og kvitstripete.


To dagar i veka jobbar eg på eit mørkt og kaldt lager/arkiv.
Der er ikkje mykje spanande,
men plutselig dukka det opp ein liten fargeklatt.

Eg fekk lov å ta den med meg heim,
og den sklei rett inn.


Gult er kult!


Dette vart jo riktig så kult.

Lampe og lys er aldri feil,
så denne får bli.

No er det "Tid for hjem",
eg skulle gjerne hatt Kjersti i hagen min.....

(Hagen vår er jo ikkje fin, kunne junior formidle i kveld...
kunne ikkje vore meir einig...)


lørdag 25. januar 2014

Garnglede frå Rosendal


I dag vil eg gje rein gratis reklame og hyllest til ei fantastisk ny bok
som vart lansert denne veka.

"Garnglede frå Rosendal"

Turid Lindeland Hillesdal som eig og driv Rosendal Turisthotell saman med mannen Ove,
har gitt ut ei bok med oppskrifter på dei fantastiske strikkeprodukta ho lagar.

Eg må nevne at eg sjølv er så heldig å eige to par av Cosy consept - sokkane ho har laga,
turkis/grøn og koksgrå/kvit.

Oppskrifta er ein versjon av ei gamal "bunadsokkar"oppskrift, 
og mamma har strikka dei rosa frå ei slik oppskrift.



Eg var så heldig å få boka i gåve, 
rykande fersk,
på torsdag,
og eg får rett og slett lyst å strikka...

- Tusen takk Kristin - 


Og når favoritt-fotografen min, Bodil-Bo, og
favoritt-stylisten min, Signe,Resignert
har medverka til boka,
då vert resultatet utruleg bra.



Inspirasjon


Perfekt ramme rundt bilda,
Rosendal på sitt vakraste,
og dei skjønnaste modellane.

Eg anbefaler deg å kjøpe denne boka, viss du likar 
strikking,
matoppskrifter,
Rosendal,
fine bilde

Nyt boka, bildene og kanskje eit strikkeprodukt.

God helg.

Sjå og innom bloggen til Turid og Turisthotellet her