lørdag 18. februar 2012

Oh Omaggio


Den vakraste vase, som eg er veldi glad i. 
Har planar om å kjøpe ein stor til å ha på golvet og. 
Eller kan eg ynskje meg ein slik i innflyttingsgåve, eller til bursdagen kanskje?

I dag har eg vore oppe i nyahuset og rydda. Har støvsugt alle romma, og vaska soveromma til ungane. Det nærmar seg veldi innflytting no. På måndag startar arbeidet på bada, med å innstallere do og dusj osv. 

Vi har forresten snikinnflytta litt...har sett inn tv og tv-sofaen, slik at ungane kan sitje der og sjå på tv/film, mens vi jobbar.


fredag 17. februar 2012

OMG


Heldige meg



På jobben i går, mens eg sprang mellom kontora, tok telefonen, skreiv på vedtak, styrte og organiserte, kom ein god kollega inn på kontoret mitt. Ho gav meg ein liten pakke, og då eg pakka den opp openbara det seg eit aldeles nydeleg smkke og eit par øyradobbar. 


Med dei vakraste ugler. Uhuuu


Eg er ydmyk og glad. Det varma langt inni sjelo.


onsdag 15. februar 2012

Ein liten fargeklatt


Gult er kult.



Ein fargeklatt i stovo. 


Dette er ein krakk eg har arva. Den var tidlegare "eggekvit", ikkje så fint malt heller. Behovet for litt ny maling, var sterkt.
Litt spray ( eg brukar rett og slett Quick-sprayen) med knallgul gjorde susen. 

Krakken kjeme til å bli ein flott fargeklatt i da nya huset, der det er mykje kvitt, svart/kvit stripete, "betong" og ugler!! Eg ler, for jammen har stilen endra seg siste åra! Og eg blir påverka, ingen tvil om da. Men prøver likevel å finne "min stil" oppi det heile. Det viktigaste er at eg er komfortabel med det!

tirsdag 14. februar 2012

Tysdagskos


Valentinsdag eller ikkje; eg sit aleine. Eller, ikkje heilt aleine. Eg har selskap av Maarud og Freia, og eit rykande ferskt Boligpluss.


Nye tulipanar, ryddig hus og eit varmt måltid til kvelds. 

Og da besta av alt; eg har fri imåro. Då har eg noko gult på gang, og skal på lunsj hos gamle naboen. Lykke.

søndag 12. februar 2012

Lucky me!


Sova lenge.
Blomar frå to gullungar.
Marsipankaka til frukost.
Morsdag er lykke.


"Valgte" desse blomane sjølv. Har alltid synst desse er så stilige. Dei minnar meg om Gran Canaria og ferie med mi mamma.


Junior kjøpte kaka til meg, og den har eg prøvesmakt på. Den var kjempegod. 
Resten skal vi ete seinare, saman med mi mamma som og skal få pakke i dag.

God morsdag til alle mammaer og ein fin dag til alle andre!

fredag 10. februar 2012

Frå vårleg vegg til betong vegg


Flinke malaren vår, tapeteserte veggen min i dag!! Eg e så nøgd.


Den kjennes ut som betong og.


Det gjekk bare 3 rullar, så no har eg ein igjen. Mon tru kva vi kan bruka den til??

Det er helg igjen. Vekene fyke. Mannen reise ei veka på jobb frå søndag av. Greitt det egentlig, for no er huset snart klart. Manglar bare golvlister, litt koblingar, baderomsinnredningar og anna tjafs. Til og med veien er snart klar. Kan faktisk køyre inn i garasjen viss eg må!

God fredag til alle!

onsdag 8. februar 2012

Vårlig vegg


For fyrste gong skal eg vere med på NIB sin utfordring: Vårlig vegg

Tema er korleis vi stylar smart panel no til våren.

Her vi leiger er det smart panel over heile linja. Vi har valgt å ikkje henge opp noko på veggane her, ikkje ein spiker eller skrue er skrudd i veggen. Papirtapen er difor min gode venn!

På veggen min har eg hengt opp ein flott tegning junior teikna til meg. Flotte fargar og fine hjerter. Sånt gjer ei mor lukkeleg!

På bordet har eg med det eg forbinde med vår, perleblom, te og godis, saman med ei flott interiør bok!

I dag skin sola og eg har fri!