fredag 10. februar 2012

Frå vårleg vegg til betong vegg


Flinke malaren vår, tapeteserte veggen min i dag!! Eg e så nøgd.


Den kjennes ut som betong og.


Det gjekk bare 3 rullar, så no har eg ein igjen. Mon tru kva vi kan bruka den til??

Det er helg igjen. Vekene fyke. Mannen reise ei veka på jobb frå søndag av. Greitt det egentlig, for no er huset snart klart. Manglar bare golvlister, litt koblingar, baderomsinnredningar og anna tjafs. Til og med veien er snart klar. Kan faktisk køyre inn i garasjen viss eg må!

God fredag til alle!

onsdag 8. februar 2012

Vårlig vegg


For fyrste gong skal eg vere med på NIB sin utfordring: Vårlig vegg

Tema er korleis vi stylar smart panel no til våren.

Her vi leiger er det smart panel over heile linja. Vi har valgt å ikkje henge opp noko på veggane her, ikkje ein spiker eller skrue er skrudd i veggen. Papirtapen er difor min gode venn!

På veggen min har eg hengt opp ein flott tegning junior teikna til meg. Flotte fargar og fine hjerter. Sånt gjer ei mor lukkeleg!

På bordet har eg med det eg forbinde med vår, perleblom, te og godis, saman med ei flott interiør bok!

I dag skin sola og eg har fri!

mandag 6. februar 2012

Huske du ho her?



Mârtha i Rosendal. Huske du?

Det var kjendisparty på Kalven.

Razz i glaset.

Dei siste dagane har vore så som så. Mange gode øyeblikk innimellom. Takk og lov for da. 
Eg satsa difor på at dagen i dag, skulle vere starten på ei god veke. Og kva skjedde?

Midt i krysset på vei til jobb, stoppa bilen. STOPPA.
Det sludda, det regna, det bles. Og der stod eg. 

Heldigvis var mannen heima, og ordna slepebil til meg. 

3 flotte karar frå Teknisk kom og hjalp meg vekk frå krysset. Heldigvis.
Bilen er no på verkstad. Eg sit på med kollega til jobb. Alt ordner seg.

Så besvimte tv-en. Men den har vakna igjen no.

Eg måtte le litt i kveld, og såg på bildene frå utdrikkingslaget mitt. For ein fantastisk dag. Takk for alle som deltok på den. Eg kjeme aldri til å gløyma den gode dagen.


søndag 5. februar 2012

Settekasse


Sånn settekasse hadde eg då eg var yngre. Eller, den såg ikkje sånn ut då. Den var brun. Ingen mamma som meinte den måtte malast då, nei.


Min settekasse er sporlaust forsvunne...jammen godt at "siddis-kusine" kom ilande med den ho hadde på jenterommet sitt, slik at tullemor kan få ei på da nya rommet sitt.

Litt grunning fyrst, så grå spray...vart den som ny!!



Tullemor, med ny frisyre for sesongen, var limar, mens mammo klypte til.


Perfekt team


Så kan jentetinga flytte inn i settekassen, som skal pryde jenterommet i nyahuset!


Det er søndagkveld i huset. Vinden ular rundt nåvene. Vi har vore mykje inne i dag, både her og i nyahuset. Ja, apropo nyahuset...der skjer det saker og ting. Er snart innflytningsklart!!

Men dagen i dag, er ein slik dag, der eg bare har lyst å legga meg igjen, og starte på nytt... Sånn er desverre ikkje livet, og eg får bare håpe på det beste og starte på nytt i morgon.

lørdag 4. februar 2012

Trapp


Skikkeleg dårlege bilder. Masse rot. Men eg må jo visa dåke den nya trappo likavel!!

Tullemor sine sjønne sandalar er med.


Kvit trapp, med aks trinn. Tett trapp. Kanskje vi kan utnytta plassen under.


Dette var jo knalllurt!! Sånn vil eg ha, kjære vakre mannen min  :-)
(Bilde lånt frå nettet)




Junior sitt rom, med sjakkgolv og svart vegg! Snart kjem svart rullegardin og diskokula og.


Detta vart eit rotete innlegg. Sånt likar eg ikkje, men  men .

Lørdag, snø, ungar på kvar sin Pad, mor bloggar og det er harmoni. Sånt likar vi! 

God lørdag til deg og!

fredag 3. februar 2012

Tatt av med tape


Papirtape. Riv av. Heng opp. Ta av igjen. Ingen merker.


Her er vel sånn omtrent årets kolleksjon. *Ler*
Eg klarte ikkje velge då eg skulle bestille frå Panduro. Og eg veit at dei kjeme til å verte brukt. Kan henge opp alt eg vil no. (mannen er naturleg skeptisk til slikt...kjeme sjølvsagt til å verte merker, meiner han.)


Kjøpte wallstickers frå Panduro og. Dei skal tullemor få på rommet sitt. Eg har nemlig sett i Panduro katalogen, eit tre som er laga med papirtape og så sat det ugler på greinene. Eit slikt skal eg lage!! 




torsdag 2. februar 2012

Snacks om våren


Perleblomen er på plass i vindauga mitt. Du kan kjøpa den hos Fredheim Blomster i Rosendal.
( Dagens reklame for familiebedrifta!!)

Problemet mitt er ofte at eg kjøper for mykje blomar når eg er i gang. Og så får eg ikkje nyta dei slik eg ynskjer...og sånn er det no. Perleblom, primula, roser i vase og tulipanar på ein gong.


Snacks som ikkje ein legg på seg av.

Vårteikna er berre inne i dag, for ute er det snø. La det komme litt meir, sånn at vi kan gå på ski og aka litt.