onsdag 26. september 2012

No kan damene komma


I morgon skal vi ha fagdag på jobben.
Til lunsj skal vi samlast heime hos meg,
ete Tacosuppe med tilbehør.


Etterpå blir da kaffi og eplemuffins.


Utruleg stilige muffins former frå Nicolas Vahè,
kjøpt hos Ølen Møbler. 

tirsdag 25. september 2012

DIY Settebord


Garasjeprosjektet er over for denne gangen.
Begge setteborda er måla.


Det svarte er i farge Dempet sort.
Det oransje er den nyaste haustfargen til Jotun, 
som eg ikkje hugsar navnet på og malingspannet har eg levert vidare!


Utruleg flotte settebord.
Skulle hatt da minsta og, men glad for dei eg har.


Haustblomar sette prikken over ièn.

Litt "kalde" bilder i kveld, då mørket kom så alt for brått på.

Og så e da avtala,
vi reiser på Bolig og Interiørmessa i Bergen i år og.
Gud kor eg gledar meg.
Skal du?




torsdag 20. september 2012

Til helga kanskje...


Eg skulle bakt brød, 
eg skulle ha støvsugd,
eg skulle lagt saman kle,
eg skulle trent meir,
eg skulle ....

Men eg smøre nista til ungane av brødet
mi kjære veninne har baka til meg.
Så set eg meg i bilen i morgon tidleg,
set kursen sørøve,
til ei helg som bare e mi
og siddis-kusine si!

søndag 16. september 2012

Loppis


For ein herleg søndag.

Vi har vore på loppis i Raudaløo i dag,
og fleire skattar blei med meg heim.
Marian med bloggen Marihøno,
Signe med bloggane ReSignert og Signe Hjemmet og
Malena med bloggen Hellohellobaby
hadde brukt/loppis-marked med flotte skattar
og salg av suppe, kaker og kaffi.


Kâhler vase til kr 20,- 

Ferm Living kork-underlag (ubrukt) til kr 50,-


Den vesle vasen passar godt til den store eg allerede har.

Litt stoffbitar som skal bli til puter i stova.


Gamal vekkerklokke, som tikkar og går.

Eg føler eg har gjort eit scoop.
Og som Signe sa: " Du går etter alle merke-tinga mine du!!"
He he, jepp da gjere eg.
Og om sminkepungen er ekta Gucci eller ikkje, 
det gjer ingenting. Den passar meg perfekt!

lørdag 15. september 2012

Husreglar


Endeleg kom mannen heim, 
så vi kunne få opp den nye
wallstickersen.


Djup konsentrasjon.
Vateren har vore nytta,
må vere på linja....



Desse skal vi leva etter frå no av.
Særleg den siste.

Som nokon har fått med seg, så skal eg ha 
eit års permisjon frå jobben min.
Eg kallar det ein "pause".
Eg vil roa ned kvardagen, då eg opplever at den er veldig hektisk, 
det er alltid eit "jag".
Samstundes som eg har veldig høge krav til meg sjølv
og det rundt meg.
Eg skal ikkje få problem med å få tida til å gå,
då eg skal jobbe i familiebedrifta eg er oppvaksen i,
Fredheim Gartneri.
Håpar eg får meir tid til å sy, bake og ellers det som eg elskar å gjere.
Så får vi sjå kvar som skjer.
Husreglane skal iallefall fylgast.


torsdag 13. september 2012

"Skappel-gensaren"


Mammo mi har strikka ein gensar, men utgangspunkt i den mykje omtala 
"Skappel gensaren"


Min er ikkje så vid og fluffy som den skal vere,
men eg likar den knallgodt.
Varm og lun på kalde haustdagar.

Har byrja å strikke ein sjølv og,
litt meir fluffy den.
Mon tru kva tid den vert ferdig.




søndag 9. september 2012

Popcorn


Det var den eg hadde,
og då blei det den.
Synst det vart kult eg.


Like blomen godt og.

299,- på kampanje i BoGrønt Hagesenter.