torsdag 7. juli 2011

"Tips og inspirasjon til hjemmet"

"Tips og inspirasjon til hjemmet" er ei side eg oppdaga på facebook, som er akkurat det som tittelen seier, mykje god inspirasjon for sånne som meg. Og med sånne som meg meinar eg sånne som likar å male om ting, om-møblere, gjere gamalt om til nytt, og andre ting som har med innreiing og interiør å gjere.

I tillegg har dei mange flotte samarbeidspartnarar, og heile tida dukkar det opp konkurransar der vi kan vinne flotte produkt!! Eg var så heldig å vinne Gloveables på denne sida! 

her har du ei som liknar på meg når eg tar dei på meg....

Klikk her for å komme til bloggen til "Tips og inspirasjon til hjemmet", og her for å komme til facebooksida.

søndag 3. juli 2011

Før og etter


Sånn som detta såg huset vårt ut då vi reiste på ferie...


...og sånn såg da ut då vi kom heim, to veker etter!

No kan eg sjå romma, takhøgda, utsikt og så vidare. 6 månadar venting på dette skal eg klare. I dag har eg vore på synfaring i leilegheita vi skal leige frå 1. august ( viss han blir heilt klar då...)og den ser veldig bra ut! No har det ordna seg med lagringsplass for alt vi ikkje skal bruke og, takka vere god nabo!! 

Så eg seie da igjen, eg; "da ordne seg alltid for snille jenter".

lørdag 2. juli 2011

Godt å komma heim


I går kom vi heimatt til omvikdalen. Etter å ha reist sidan kl 04 frå Alcudia. Det var godt å legga seg i senga mi, og drikke vatn frå springen.


På kjøkkenbordet låg der masse kjekk post eg måtte gå gjennom. Mamma mi hadde sortert posten fint, aviser i ein bunke, reklame i ein, rekningar i ein og blada til meg i ein. Den siste bunken var sjølvsagt kjekkast.






Og i dag kikkar sola fram her heime og. Etter å ha høyrt om det dårlege været det har vore her, er eg svært glad vi reiste vekk.


Med blomar frå hagen ( og litt frå naboen sin....) så har eg pynta opp litt utanfor. Må nyte det mens vi kan.

Ha ein strålande laurdag!

torsdag 23. juni 2011

Litt meir...

 Den 20. juni 2011 har eg og mannen i mitt liv, vore gift i 2 år. "Bomullsbryllaup" heitter det visst. Trur eg må googla da og sjå kva da betyr!

Etter ein del timar i sola kom vi opp i leiligheten vår, og der sto desse flotte rosene. Faktisk dei flottaste rosene eg nokon gong har fått, og dei står like flott i dag!


Etter at ungane hadde sovna, feira vi litt med sprudlevatten på altanen.

 Verdens skjønnaste tiger, som sat i lang tid forann spegelen og beundra seg sjølv mens ho laga tider-lydar. ( Har ein tendens til å leva seg veldi inn i rollar, desse ungane våre..)
 ...og det seie seg vel sjølv at det kom nokre ulvehyl frå denne flotte ulven her og.

Sandslott må til når ein er i syden. Og bygningsingeniørane poserer villig. Ho mor passer best som fotograf ho, etter at ho såg på bildet ho var med på og alle 3 valkane viste TYDELEG!

Og valkar kan det bli fleire av, for desse buffèane her bugnar av alt du kan drøyme om. Og dessert må vi jo ha, til lunsj og!!

Vi har det fantastisk her på Mallorca. Og i måro har vi ei heil veke igjen. Litt solbrent er eg, men det kjem seg det. ( Eg blir jo ALLTID solbrent, så koffor trudde eg at eg sku unngå da i år???)

søndag 19. juni 2011

Alcudia juni 2011

Fredag ettermiddag kom vi fram til Sunwing Resort og Spa i Alcudia Mallorca.




Her er varmt og fint, litt overskya i dag ( søndag) men no har det skint opp att, og vi gjer oss klare for ei ny økt ved bassenget!

Maten er veldig god, her kan du eta sunt med mykje frukt og salatar, eller fråtsa i mykje anna god mat. Vi må prøva ut alt, sjølvsagt! Vi har betalt for " Inclusive", som betyr frukost kvar dag, lunsj og middag 10 dagar. Og vi angrar ikkje på det. Her er "alt" vi kan drøyme om til alle måltider!

Ungane leiker overalt, og kan i periodar leike saman...Trur omsetninga på sånne bilar/figurar etc som kostar 1 Euro for 20 sek med overstadig glede, vil auke kraftig desse to vekene!

Detta ser ut til å bli tidenes ferie!! God sommar til dåke som er heima!!

torsdag 16. juni 2011

Då var vi klare!


No har eg pakka bikini, sandalar og solkrem. For i måro tidleg reiser vi til Mallorca!


14 deilige dagar skal vi nyta livet, eta god mat, bada og lesa "Gjenferd" på strando. Eg e klar, og det er dei tre andre og. 
 Sidan mannen skal ha med seg pc, kan det fort komme eit lite innlegg på turen.

God sommar alle lesarane mine, og velkommen til nye følgarar!!

søndag 12. juni 2011

Flott feiring av ein flott 60 åring


Mi kjære mamma fyller 60 år i dag!

Ho inviterte lika godt heile familien med til Solstrand Hotell frå laurdag til søndag. Vi har bada, ete og drukke godt, og kosa oss mykje!


Junior framførte eigenkomponert bursdagssong.


Pynta til fest.


Eg hadde ny kjole for anledningen, og med sjampis i glaset...er det rart eg smile?



Det var fri tilgong på is. Junior åt 7 stykk.


Alle holdt ut til seine kvelden. Tullemor måtte ha litt sjokolade for å halda energinivået oppe.

No gjere vi oss klar for kakeselskap for jubilanten.