mandag 16. mai 2011

Kom mai du skjønne....


7. mai var vi i konfirmasjon på Stord. Tullemor hadde på seg bunaden eg hadde som lita.


Blide og glade, far og dotter!


Ein gong pirat, alltid pirat...og med bunad og "lapp på auga".


Tullemor blei fornerma og snudde ryggen til då eg skulle ta sysken bilde. Ho er ikkje sta den tøtta der, åh neida!


Skål tante Bente!


Onkel Rune lærte dei små å spela golf. Bare vent, om nokre år slår dei deg i ekte golf!


Den perfekte golf-stil.

Og ho andra der sa sjølvsagt: " jammen da va jo min tur!" Tenke dåke kan sjå det av uttrykket.

Så vil eg ynskje dåke alle ein flott 17.mai i morgon. Eg er ikkje heilt klar, men da kjem seg vel etterkvart!

torsdag 12. mai 2011

Glimt frå klubb






Bilda får sei det som er å sei i dag!

Paien vart det gløymt å ta bilde av, men smakte fortreffeleg. Godt selskap og mykje glede. 

Klubb er gøy!

onsdag 11. mai 2011

Smoothie!!

                                                                             

2-3 dagar i veka, vil ungane her i huset ha smoothie til kvelds! 

Gjer jo ingenting at mammo har frysen full av frosne bringebær, bjørnebær og blåbær då. 

Blande saman bær, banan, yogurt, nokre spiseskeier havregryn og litt biola eller juice, og vips har vi ein sunn, mettande og fresh kvelds!


Nam nam


Mammo er i full gang med å lage til klubb for 7 damer i kveld. På menyen står pai og salat. Til dessert vert det nysteikt brownies ( Møllerens er best!) med is og jordbær! Bilder kjem i neste innlegg!

Ha ein super kveld, det skal eg!

mandag 9. mai 2011

Slutta med bleia!!!


Kaptein Sabeltann har faktisk slutta med bleia. Og då måtte ho jo få premie.


Sparkesykkel med "Vennebyen" motiv fall sjølvsagt i smak.


Eg måtte leita forbi Hello Kitty, Barbie og prinsesse sparkesyklar, og stod att med denne og "biler".


Nett no var ho visst meir oppteken av Mikkes Klubbhus på tv, enn å smile til kamera!!

Litt uhell er der enda. For denne tøtto er så oppteken, at ho gløymer ut heila do-gåinga. Men i barnehagen i dag hadde ho vore svært påpasseleg med å gå på do, for mamma hadde lova ho premie!!

torsdag 5. mai 2011

Onmii ein høg gong



Dette innlegget er inspirert av mi gode veninne, som lever "det gode liv på landet!"


Ein periode hadde eg øyradobbane på badet. Det var ikkje lurt...


Så såg eg at nokon hadde brukt eit slikt oppheng til dobbar og smykker. Så lurt! Eg gjekk heim og fann fram mi sånn, som no bare stod "i veien". No står den oppå skoskapet i gangen, og eg finn lettare fram til dei eg treng.


Denna jento her finne sjeldan opp kruttet sjølv, ho vert inspirert av andre, og det andre finn på. Eg er ein sånn som "hive meg med". Det er ein av grunnane til at eg no abonnere på 4 interiør blad. Eg treng jo inspirasjon til korleis ialle dagar eg skal innrede huset mitt....

onsdag 4. mai 2011

Grillsesong


Når det er vår i lufta, sola skin og det er iallefall litt varmt...ja, då grillar vi!

Vi har funne oss ein lun krok med ettermiddagsol, og der riggar vi oss til med monstergrillen og god mat! 


Masse salat no om sommaren. Kunne vore flinkare med å variere innhaldet, men ofte er det enklaste best.


mmmmmmmmmmm "mannmellom" seier tullemor og et skåla tom, før middagen er servert....sjølvsagt!


Onsdag er fridagen min. Då sit eg omtrent ikkje nerpå, bare svive rundt med støvfilla eller støvsugar. No for tida surrar eg og rundt med pappesker, papir, osv Eg skal nemmelig pakka ned igjen. Ja, det er sånn ca eit år sidan sist. Det nærmar seg at fotografen skal ta bilder til prospektet, og eg vil ikkje at våre personlege ting skal komme på prospektet til han vi leiger av. 

Eg har avgjort at eg skal pakke ned ALT som vi ikkje treng før vi er i det nye huset, og det er faktisk ganske mykje. Så finservise og stettaglas blir det lite av det neste halve året, samma med masse lysestakar og pynteting. Bøker og anna kan eg nesten ikkje hugse at eg har...eller har eg? heiv eg dei sist? 


mandag 2. mai 2011

No er vi i gang


" One step for me...."

No er vi i gang alltså. Sist veke vart den fyrste "ringmuren" sett opp. 


Mykje mur....


Gode arbeidsfolk er viktig.


At sola skinte i fleire dagar, hjalp godt på sementen inni. I morgon kjem røyrleggar og skal plassera røyra, så skal det fyllast opp med masser, støype golv, legge på vannboren varme etc. Så skal veggane opp, enda meir sement. Og så gå det slag i slag.

Eg går og lure og fundere på om eg klare å putta eit kurs innimellom alt detta. Men eg treng barnevakt i fleire dagar...mannen skal på jobb....og vi skal til syden dagen etter kurset...det kan gå?? Eg må tenke litt meir...