torsdag 29. juli 2010

Kult dyr!!

Eg har alltid hatt sansen for sjiraffar. Dei er skikkelig kule! Eg har drege med meg figurar heim frå ulike ytland, og no har dei fått plass på kontoret mitt. ( for dei passar ikkje inn lenger...)

Og då vi skulle i dyreparken var det dette tullemor gleda seg til. Og så skulle vi sjekka ut at tunga til sjiraffane faktisk er BLÅ! Og det kunne minstemann konstantere at den var! Ho fekk gje den gras og var svært begeistra!

Sjekk kulingen då!!!

I går var eg på rekebord saman med gode vener.Og eg hadde da knallgøy. At dagen i dag har vorte tilbringt i senga, på sofaen eller på do, er vel gløymt i morgon!?! Eller skal eg lære, slik mamma spør meg om kvar gong??

mandag 26. juli 2010

Kjøkkenklokke

Eg sa til mannen før vi reiste på ferie, at dersom eg fann ei veggklokke, ville eg gjerne kjøpe det. Mannen sa som vanleg, javel!

Og i Lyngdal såg eg plutseli ein butikk som heitte Mosters Hus. Den butikken bugna av nydelege ting. Og der var klokka mi! 

At mannen knuste glaset då den skulle hengast opp, er jo ei anna historie.....men den er nesten like fin som før. Og eg er så utruleg fornødd!

søndag 25. juli 2010

Vil du ha dette?

Eg er i ryddemoduset, mens eg pakker ut eske etter eske...

Har du lyst på dette settet? Trur det heitter Eleganse, og kjem frå Tupperware. 3 skåler med lokk.

Du får det gratis! Men må eg sende det, betalar du portoen! Bare legg igjen ein kommentar under!!

Ferie 2010

Så var ferieturen over for denne gang. Turen vart avslutta med eit besøk hjå denne karen!

De kan vel sjå kven som var mest oppteken av han?!? Men heile familien var klare.

Vi har vore på ei hytte ved Lindesnes ei veke, saman med eit vennepar med 3 born. Hytta var stor, med 4 soverom og 10 sengeplasser. Der var leikeplass og fotballbane, fint å sykle, båt og fiskeutstyr, og flott sandstrand.

Pappen hadde teke med seg drage og "kite", som der var perfekte forhold til.

Og målet var å bade kvar dag. Vi klarte da nesten...Ein dag hadde vi på oss regnkle, men ellers var det opplett. Dagen vi var i Dyreparken, var det perfekt vær for det. Og det fann visst 26 000 andre og ut...så vi var med å setje publikumsrekord den dagen!

Ein super ferie, med supert reisefylgje. Dette er ein ferie, eg gjerne kan gjenta. Men då med litt fleire plussgrader!

torsdag 15. juli 2010

Ferietid

Med bilder av desserten vi skal ha i dag, vil eg ynskja alle lesarane mine ein fin ferie! Vi reiser i morgon tidleg, til det blide sørlandet!! 


Og ferien vert avslutta med Kaptein Sabeltann i år og, til heile familien sin store glede! I år blir det vel ein tur innom det nye badelandet og. Men fyrst skal vi kosa oss på ei hytte ved Lyngdal i ei veke.

Og i kveld har eg fått med meg ein flott gjeng, som skal hjelpe meg og vaske ut huset. Tusen takk, jenter! Så då kan vi ta ferie, med veldig god samvittighet!

God ferietid alle saman!

tirsdag 13. juli 2010

Vintips

I kveld vil eg anbefala "bilde vinen" som leskedrikk i "sommarvarmen". Eg skal ta til på enda ei pappeske eller boss-sekk, og trenge styrka meg på noko, "ler".

Vi har flytta!!

Då var vi på plass i Håvardhaugveien 22!!



Vi har holdt på å flytta i ei veke no. Og oppi alt har mannen vore på jobb frå onsdag morgon, til søndag kveld! Så det var godt med god hjelp av familie og vener.

Før eg flytta bestilte eg nye dukar frå Stoff og stil. Rosa og turkis ( måtte jo ha duk som matcha Keep calm-plakatane mine... he he). Og no er det den rosa som er på bordet. 



I dag har eg baka bollar. For prinsen og prinsessa skal ha innflytningsfest i dag! Då kjeme to nabo-gutar på besøk. Nabojentene skulle i bursdag, så dei kunne ikkje. 



I går då eg og snuppo mi var oppom ein tur til bestemor ( mammo mi) og viste henne dei nye dukane. Meinte ho bestemt at eg då trong desse rosa Bruka skålene! Ja, gjett om eg gjorde da!!! Tusen takk, kjære mamma!!

No skal eg henta ei ny eske, og pakke ut litt meir. Ka ska eg med alt eg har i eskene egentli??? Det kjeme kanskje litt for salg eller som eg gjer vekk, her på bloggen. Men det tar vi etterkvart!! Ha ein strålande dag alle saman!