Endeleg fekk eg sånn sukker-strøar frå Green gate. Den dei hadde i haust, fekk eg aldri tak i. Var utsolgt overalt.
Men på torsdag var eg ein tur innom 5 Høns på Stord, og der hadde dei fått inn ny kolleksjon. Den finns og i blå.
Sjølv om eg ikkje handlar så mykje for tida, er eg SVÆRT god på å kikka og drøyma kva eg skal ha i nya huset.
Innimellom no, sit eg ved symaskina og syr nye puter til stova. Eg treng litt fargar, og var innom Stoff og Stil og handla i går. ( Der var så mykje å velge i, at eg hadde store problem. Kom heim med 3 ulike stoff, 8 innleggsputer, 3 glidlåsar, 2 sytrå, og litt anna dill. De kan vere sikker på at det kjem på bloggen!! Så følg med!)
Kjempesøt!☺
SvarSlettSkal til Bergen om nokre helgar og gleder meg til å besøke mange interiørbutikkar☺
Ha ein strålande lørdag☺
Klem M♥
ååå så søt!!
SvarSlett