tirsdag 4. juni 2013

Kakeselskap


Endeleg kom dagen, dagen eg har venta så lenge på.

Kan du tru kva det var?




Baronivegen inviterte meg på kaka,
ei kaka eg aldri hadde smakt før.
Ei kaka ho hadde funne oppskrifta til....


STOPP

Det var ikkje heilt rett.






Men ho hadde laga ei kaka eg ikkje hadde smaka før, som ho har snakka mykje om.
Og jammen har ho fått dreisen på både baking og meir.

Sjå den flotta kako eg vart møtt med!!



Den smakte fantastisk!

Den smakte sommar, bær og god stemning.

Love it!

Men eg har faktisk ikkje tid til å sitja her og blogga,
for imåro reiser eg og 7 veninner til

NICE

Sol, varme, sjampanje, mat, storby, jetset, casino, latter og meir latter.
Gode historiar skal delast,
minner skal skapast.

Gler meg!
 

mandag 27. mai 2013

Ny vri


Interiørblad-stige


Når eg finn nye bruksområder til ting eg allereie har, blir eg veldig fornøyd.

Trur det var i bladet "Kamille Ideer" eg fekk tips om å bruke stigen min til å 
henge interiørblad på.


Pompongane eg har laga sjølv, kan du lese om framgangsmåten 
i dette innlegget.

Det enkle er framleis det beste!


Interiørblad har eg mange av, alt for mange.
Skal donere ein bunke til Diana sitt loppemarked, har eg tenkt.
Eg abonnere bare på 2 no, eller var det 3?


søndag 26. mai 2013

Min kjøkkenhage


Hagen vår er under planlegging og opparbeiding.
Vi sådde ein "plen" i fjor, som det rett og slett ikkje vart noko av.
Det var vel ikkje bare vår feil, for været var ikkje nett på nyplen si side i fjor.

Eg har planta to jordbæramplar, som no viser tydlege teikn til at det kjem bær på dei.
*kjempestolt"

Gler meg til å smake på det fyrste bæret!


Kjøkkenhagen min er i krukker.
Mulig den på sikt vil bli overført til "pallekarmar",
men føreløbig har vi dei slik.
Sitronmelisse, timian og grasløk.


Kruspersillen skal få selskap av basillikum og mynte på sikt.

To blåbærbuskar står bak.
For tida så et vi mykje blåbær, og det skal bli ei sann fryd å hauste frå eigne buskar.
Blå blåbær og rosa blåbær.
Ja, du leste rett, rosa blåbær. 

*lever i spaning*


Piletre er årets "hit".
Vi er no utsolgt i hagesenteret, og mange kan nok glede seg over desse i år.
Spent på om eg får dette til.

I helga har det vore sol, og vi har spreng-mala hus.
I fjor vart vi rett og slett ikkje ferdige, då det aldri var vær til å male i.
Derfor må vi no nytte alle anledningar.

Grå skifer er fargen, og eg er veldig nøgd.

Ps, Eg fann vinnaren av give awayen!!

fredag 24. mai 2013

Og vinnaren er...





Ikkje veit eg kven den heldige vinnaren er, fordi kommentaren som vann på lodd nr 142, skriv:


trur eg kom opp med 4 lodd. Flinke du er Solveig!
SvarSlett

Så no håpar eg at vinnaren tek kontakt, og skriv under kven den er!!

Eventuelt sender meg ein epost på solveig.hus@gmail.com

Eg brukte Random.org til å føreta trekninga!

Siste frist på give away

Husk trekning på give Away i dag!!!

Klikk her for å komme til innlegget.

mandag 20. mai 2013

Hvit lilje


Eg er så fornøyd med dei nye tallerkane mine,
"pasta-tallerken" i serien hvit lilje hos Perfect Home.

Dersom du har party no desse vekene i mai,
tilogmed 2. juni,
er du med i trekning av 3 komplett servise til 8 personar.
Gjestene kan og vinne!!
Les meir her


Serviettane frå Bloomingville seier alt.
No om dagane føler eg at eg et alt eg kjem over,
Gler meg til mannen kjem heim på fredag,
då skal det bli fjellturar att. Kroppen treng det så inderleg.

Denne helga har det vore knallvær, sol og sommar i to heile dagar!
Eg har tilogmed bada i sjøen! 
Det var knapt 12 grader, friskt og godt, men av alt 
så fristar det faktisk til gjentaking.

Men var dette alt?
Vi får no verkeleg håpe vi får meir av dette.


Huset kjennes no nyvaska ut,
fordi eg har tatt nokre dråpar av denne i ei skål med vatn.

Fantastisk lukt, og ja, det kjennes nyvaska ut!!!

I morgon er det tysdag, kort veka, alltid godt det.

I morgon skal eg gjere noko eg ikkje har gjort på 10 år....

fredag 17. mai 2013

Vel overstått dag


Her er vi, familien på 4, klare for 17. mai feiring 2013.

Men kamera på sjølvutløysar klarte vi å få fine bilder.

Eg har på meg festdrakta til Kvinnheradsbudaden.
Mannen har herrebunad frå Kvam.
Tullemor har hardangerbunaden som eg hadde då eg var lita.
Mamma har sydd alle saman, iallefall det meste.
Junior har vakse utav bunaden til onkel, og er vel sjeleglad for at han kan 
gå med DC-sko, dongeri og dressjakka.

Fine er vi alle saman.


Litt fjas og tull for å få ungane med på at å ta bilde er gøy...
Sjølvutløysar er gøy.


17. mai i Omvikedalen er gøy.
Vi startar med god frukost,
så er det bilrebus kl 9.30
(i år var den vanskeleg gitt...)
Kl 12 er det leik, kaker, pølser og brus på skulen.
Så er det tog,
og enda meir mat og morro.

Dagen er no over,
eitt år til neste gang.

Bunaden er pakka vekk,
og det er heilt greitt.

Håpe du hadde ei fin fin feiring.