Etter veker med venting, lengsel, håp og glede,
kom dei...
Sofaen Skandinavia frå Bolia
Ikkje berre ein, men TO.
Dei var sjølvsagt like perfekte som eg drøymte om.
Stoff: Nantes
Farge: Antrasitt
Type: Scandinavia
Størrelse: 2, 5 seter
Stålbein 12 cm
Eg har eit ganske godt augemål, om eg skal sei det sjølv.
Så når eg såg for meg korleis dette kom til å bli, så vart det sånn.
Før huset var ferdig var eg heilt sikker på at eg ville ha ein stor U sofa, bygd med modular og greier.
Eg høyrde heldigvis på gode råd om å "bu seg inn" i det nye huset,
og venta med sofakjøpet.
Ein U sofa ville ha "stengt" igjen for ein del utsikt her i stova.
To slike sofa mot kvarandre er betre.
Eg er fornøyd.
Bordet er og nytt, kjøpt på Bolia det og.
No vurderer eg å kjøpe eit nytt Papellina-teppe til å ha her,
men eg må bare spare litt til...
No skal eg setje meg i sofaen og ha meg ein bloggrunde.
Eg har vore oppteken kvar kveld denne veka, i tillegg til jobb,
så i kveld skal det bli godt å setje seg ned og vite at eg har fri i morgon!
Åhhh, eg er så fornøyd med den nye såffan min!"!