Å ligga på sofaen og drikka kaffi.
......ei skål med nyplukka bringebær frå mamma og pappa sin hage.
..... å gå tur rundt Hattebergsfossen med to småtroll,
som bare klaga ein gang på dårleg vær eller at dei var slitne.
Og som vart overlukkelege over å få kjøpa is i Baronihagen på vei ned att.
...ei lita hand som kjem og tek bringebær mens mamma tar bilder.
.... å ha eit søskenbarn som har invitert på kaka kl fem.
... å ha ei veka igjen av denne (haust) ferien.
...å leva
Samstundes skal vi alle tenka på dei etterlatte etter tragediar.
Både den på Utøya for eit år sidan, men og andre som har mista nokon.
Vi som ikkje har vore direkte berørt er heldige, og vi skal vise andre at vi bryr oss.