fredag 25. november 2011

Omaggio




Korleis skulle eg klare å vente til jul, når den stod der og blinka til meg i butikk vindauga?


Ute herjar Berit, men inne har vi fått helgeroen, film og litt godis.

Plutselig så hadde eg hengt opp julagardinene, sånn poff... Og ny julestjerne er klar til opphenging. men det skal eg ikkje før i måro kveld. Den skal ikkje tennast før fyrste søndag i advent.

Vi har mykje å gle oss til frametter; tre bursdagar og julafta, Nissefest, julematinè, Putti Plutti Pott, Juletrefest, julefrukost, baking, pynting, pakking, eting....åh du herlege førjulstid!

onsdag 23. november 2011

Rolig, det ordner seg


Gårsdagen var prega av ein panikkliknande følelse... no MÅ vi velga.

Parkett, Tarkett, Teppe, plater, fliser, fagra, dører, handtak, lister...

Ok, då må vi ta ein ting av gangen. Jo, vi har bestemt oss for da mesta, vi har bare ikkje formalisert da. 
Punkt 1: Set opp ein avtale med Frank. Ok!
               Punkt 2: Ta med boka der du har skrive ned alle tankar og                       planar. Oj, her var det lite tankar og planar. Koffor har eg ikkje skrive inn i den sånn som eg hadde planlagt????

               Punkt 3: Finne ut kva side ytterdøra skal vere hengsla? Kjære vene då, tenk logisk og praktisk...shit, ka e best då?

Rolig, det ordner seg....
            


Møtet er gjennomført. Plater er valgt, dører er valgt, ( ei høgrehengsla, og ei venstrehengsla.)Innedører er valgt, med demping (den tok eg ein sjefsavgjersle på, ser for meg når tullemor blir 13 og skal smelle med dørene...ooopss den smalt ikkje, fordi mamma valgte demping!)

Eg er så bra!

Det er du og. 

Ha ein triveleg innekveld, for det er ikkje vèr til noko anna. 


Mi ønskeliste hos Hviit.no

    


Vil du legge inn di ynskjeliste, kan du gå inn her og gjere det!

søndag 20. november 2011

Julebok


For 3 år sidan byrja eg å abonnere på Bo Bedre si julebok "Den store juleboken". Eg finn alltid mykje inspirasjon til pynting og baking i denne boka. I år har dei laga aktivitetar ein kan gjere dag for dag i heile desember.


Både Bo Bedre og eg har sansen for lerk og andre naturmaterialer.


Eg har veldi lyst å lære å lage slike papirstjerner. Kanskje eg skal søke oppskrift på "nettet der ein kan finne ALT!"




I år har eg ikkje kjøpt nokon av desse juleblada som kjem ut. Eg abonnerer på 4 (!) ulike blad for tida, og får nok både tips og inspirasjon til juletida der.  


Flotte innpakningar er alltid kjekt å ha under treet. Eg får av og til eit innfall av at det skal eg og gjere i år...men så er det veldig sutalaust å få det innpakka i butikken. Enkelte butikkar har ganske så kjedeleg papir, og båndet som dei prøver å krølle....er av den "billige" sorten, og før det er komt i posen, er dei flate og lite fine. Faktisk så kunne eg betalt litt ekstra for å få fin og stilig innpakking på butikken.

I dag er det fina været, bare å komma seg ut!

lørdag 19. november 2011

Marius


Må ha det, bare må ha det...


Eg skulle egentlig bare kjøpe eit sett i gåve til ei nyfødd lita prinsesse ( i mindre str sjølvsagt...) og plutselig så hadde eg to i voksenstr i posen min. Lykke!!


Søvnen i natt har vore fortreffeleg, fram til den lyshåra prinsesso mi vakna kl 5,45...


Vi har ein lang dag bak oss, men ein flott dag forann oss og. 

I dag skal vi på "landet" og kosa oss med gode vener. Ungane klarar snart ikkje vente lenger. 

Ha ein strålande laurdag, alle flotte lesarane mine! Snart e da jul!

onsdag 16. november 2011

Ulv ulv


Alle kjenner vel historien om gjetaren som ropte: " Ulv Ulv"? Det er ein historie eg kjenner godt frå barndommen, og som vi har fortalt vår gut fleire gonger....Moralen i historien er viktig.


Min ulv er på den nye puta eg sydde i går.


Eg kjøpte kjøkkenhandkle med ulv på, hos Hviit.no frå merket ByBord, og tok fram symaskina. Det gjekk litt fort i svingane, men resultatet vart akseptabelt!



Ungane krangla om å få kose med ulven i dag, så då tullemor var vel i seng....nytta junior høve aleine!

Kjøkkenhandkle kosta 170 kr, innerputa 98 kr og stoffet til bakstykke kjøpte eg på loppis. Grei deal det!

lørdag 12. november 2011

Stovo mi

Kan godt innehalda ein slik sofa frå Bohus.


Puter frå Hviit.no

Stubbebord skal eg uansett ha. Eg har sett pappa på saken, om at han MÅ finna ein sånn til meg. Mamma rista på hovudet og lurte på "korleis da huset eigentleg kjem til å sjå ut til slutt".


ByNord har så utruleg masse fine puter. Eg skal ha iallefall to stykk, men kva skal eg velge??

I dag er det loppis her, og eg skal gjere meg klar!!