tirsdag 22. februar 2011
Kvardagsromantikk
På jobben har eg ein veldig god kollega (da va feil, eg har maaaange gode kollegar!!) som fortalte kor romantisk mannen hennas er!!
Her i huset kjem romantikken i små drypp, som desse små orda her!
*smelt*
Han er no så god, han som kjøpte detta dopapiret her alltså!!!!
Dette kallar eg kvardagsromantikk!!
Eg er klar for klubb med jentene i kveld. Og i morgon har eg fri, og skal til frisøren.Gler meg!!
mandag 21. februar 2011
Vårteikn
Fyrste gong eg har hatt krokus på kjøkenet!
Men eg trur den skal få komma ut att. Den blir så lang når den står inne.
Eg konstantere at det nærmar seg vår, med deilig sol ute. Lyst til kl 18, og faktisk lyst når eg køyre på jobb.
Mykje å glede seg over.
No har eg 3 glade ungar og ein mann som nyter galoppbollar! Bak til kvelds du og, oppskrifta finn du her.
søndag 20. februar 2011
Kreativiteten blømer
Ta ein tom boks valnøtter
Ta av omslagspapiret
Finn noko fint papir - litt papir lim - klypp passeleg remse - lim på - og vips.....så har du to nye boksar til for eksempel knappar, sjokolade i kamuflasje, nøtter eller kva det måtte vere!! Slå dykk laus!
Gjestefotografen
At vi måtte tilpassa oss linsa, er vel bare rett og rimeleg. Imponert øve at ho fekk alle med på ein gong!
No skal eg og junior på kino, "To på rømmen" i 3D. Gler meg!
lørdag 19. februar 2011
Lys i tunellen?
På øverste bildet ser de ei gravemaskin. Eg viser ikkje bilde av ei gravemaskin fordi eg er så grådig interessert i gravemaskiner.....men fordi den står plassert der som vegen opp til tomta vår sluttar. Dette er eit syn vi har venta på sidan 4. januar 2011. Dette er eit lys i tunellen for arbeidet mot vårt nye hus!
Mannen vart inspirert til å brenna opp siste rest av rusk der borte, sånn at alt er klart for sprenging, graving og muring!
Storebror leier vetlasystero opp, og det måtte eg ta med. For til dagleg er dei som sysken flest...
I dag har vi hatt gode vener/slektningar på pizza fest!! Kan gjerast oftare da!
Kvelden blir tilbrakt i sofaen, men med avis og ikkje dårleg lørdagstv.
Ha ein fin lørdag alle saman!
tirsdag 15. februar 2011
Ny kjole
Mi vesle "prinsesse" er ikkje så begeistra for å gå i kjole. Men ho tar på kjole, når eg seier at ho skal. Det er i bursdagar og andre tilstelningar der ho skal vere litt finare enn dongeribukse og Kaptein Sabeltann t-skjorte.
Sidan eg no har lært meg å sy, ville eg prøve meg på ein "putetrekk kjole" til henne. Eg fann fram nokre restar av ei gamal Ikea-gardin, der stoffet minnar om denim.
Vi hadde selskap på søndag, og då sa eg at ho skulle ha kjolen på. Litt motvillig tok ho den på, men ho likar det litt og...
Ha ein super tysdagskveld alle saman. Eg bakar gulkrem kake. (Hadde noko fløyte i kjøleskåpet som måtte brukast, så... Da va som mamma hadde sagt da sjølv. Eg må vel innrømma at eg har nokon likhetstrekk, ja....)
søndag 13. februar 2011
Eg e verdens beste mamma!!
Ja, for da står jo her.
Fekk sova frampå i dag. Og kom ner til ferdig frukost, ro og harmoni i heimen. To deilige små i pysjamas, som klemte meg og sa at "du e best mamma!" Junior sa til faren at: " eg beklage at da ikkje blir så masse kos på deg i dag, for i dag må eg kosa mest med mamma..." For ein skjønning alltså!
Sjokoladen som var inni har vi delt alle 4 i dag!
Eg fekk denne boka og, men har fått lov å bytte den....eg ønska meg boka " Sjarmerande gjenbruk", og skal bytte i den. Dei hadde den ikkje inne no, og Bente anbefalte denne. Ei fantastisk bok, for all del. Men mønsteret er litt for avansert for meg. På stadiet eg er i livet, har eg ikkje tid til å sitje ned og strikke mønster!
Dagen har vore travel, men super. Eg skal alltid gjere så mykje i helgane...og i dag hadde vi familien på komla. Den lagar seg nesten sjølv, men bare nesten....
Vi har vore på tur til høgåsen, med bollar og saft. Ein tur som passar så godt for heile familien.
No har eg laga vekas ladning med knekkebrød, og kollegane mine kan gle seg til gulrotkaka til lunsj i måro!
Abonner på:
Innlegg (Atom)