onsdag 13. januar 2010

Kaffi og te

Det går ei oppfordring på bloggar no ( Var Malivasverden som starta den!) om å vise fram kaffi og te-boksar. Her er mine! Boksane er kanskje ikkje heilt "meg, men eg fekk dei av mamma for mange år sidan, og dei har fulgt meg heile tida. Eg har difor blitt glad i dei, og bruker dei dagleg!

Eg elskar både te og kaffi, og drikk det vekselsvis både heima og på jobb. Må ha kaffi kvar dag, sånn e da bare. Likar den svart, utan noko dikkedariar i. Men tar meg gjerne ein caffe latte i ny og ne! Og då høyre da vel sjølvsagt me, ein liten sjokoladebit....

Ha ein fin onsdagskveld! Eg har nytta fridagen godt, vaska hus, vore på lang skitur, hatt pannekaker til middag, hatt trimmen for gruppe 3-6 år, strøke masse kle, rydda i skap, baka knekkebrød, og blogga...slå den du!

tirsdag 12. januar 2010

Primula

Det tydelegaste teiknet på at våren er på vei! Og finst i så mange nydelege fargar! Løp og kjøp!

søndag 10. januar 2010

Og engler daler..

...ned i skjul...heitter det i julesangen!
Hos meg får englane henga litt til, sjølv om resten av julapynten e vekke for lengst!
For 4 år sidan var eg skikkeli i tove-modus. Eg tova nissar, englar, høne, pingvinar, ja...til og med ein sau! ( Du Hilde, korleis blei da med dei der tova tingo dine???) Men det var den gong da...einaste eg tovar no, er tøfler og vottar i maskina..

Men eg er vel heimkommen etter ei hærleg natt på Solstrand. Da svarte te forventningane, ja. Bada, åt, drakk vin, leste bok, sov og bada igjen, før vi åt verdens beste hotellfrukost ( eller, den på Hilton Stansted for 7 år sidan var visst hakket betre...). Då mamma serverte oss kjøttkaker kl 14.30, åt vi bare fordi vi er høflege, ikkje for da vi va svultne.

fredag 8. januar 2010

Det var ein gong...

Eit heilt og fint pepperkakehus..Men rivningsarbeidarane mine tok jobben med å jevne dette med bordet...
Og gu kor godt da e med 3 veker gamalt snop på pepperkakehus som måtte stå HØGT oppå ei hylla, sånn at ikkje tullemor sku eta alt...
Og i måro reise eg og mannen til Solstrand Hotell. Eg gler meg sjukt! Nei, da va feil, vi ska ikkje ha meir sjukdom no... Tullemor er utan feber no, og skal trygt plasserast hos bestemor. Han andre skal til tante og onkel i Åsen.

Tusen takk te dåke gode som kryssa alt dåke hadde for at turen sku vere i boks. Dåke e så goe, og eg e gla i dåke!

tirsdag 5. januar 2010

Kan da henda...

at eg ska få oppleva detta i helga??

bilda er lånt frå heimesida til Solstrand Hotell og bad

Til jul fekk eg nemli eit opphald på Solstrand Hotel og Bad frå min kjære. Det var ei natt, med følge, tre rettars middag og verdens beste hotell-frukost! Og da besta av alt var at da va allerede kommande lørdag!! Mannen har ordna med barnevakt og greie, men...

....no har tullemor hatt feber i 4 dagar, og vi veit ikkje korleis dagane blir. Og både eg og mannen e fulle i snørr og basseluskar, og nyse om kapp her. Vi tygge c-vitamin, drikke te, har på ull og gjere da vi kan for å bli friske igjen.

Eg trenge eit sånt opphald no, og blir veldi lei meg viss da blir avlyst, så eg kryssar alt eg har!

lørdag 2. januar 2010

Finaste gåva

Den finaste gåva vi fekk til jul, var denne:

Handa mi

Av og til vert du nok oppgitt
Endo så liten eg er..
Eg set merker på møblar og veggar...
Men for kvar dag veks eg stadig litt.
Så snart vert eg stor-
at alle dei små fingermerka overalt
vert vanskelege å hugsa,
både for far og mor.
Difor eit minne om handa mi slik den var i desember 2009!

fredag 1. januar 2010

Ut å stå på skeiser!

Prinsen vår fekk seg skeiser til jul. Og dei måtte vi jo testa! Så på sjølvaste nyttårsafta i 8 minus, tok vi turen til baronihagen, og paddedammen. Der hadde vore nokon før oss og kosta vekk litt snø, og mammo kosta vekk litt til. Sånn at prinsen fekk litt is å stå på. Og da gjekk som ein draum!
Mammo trong berre halda han litt, så sa han "slepp meg" og bortøve for han. Sku tru han ikkje hadde gjort anna!

Tusen takk for fine kommentarar på førre innlegg. Da set eg veldi pris på! Da motivere meg til å blogga vidare. Eg veit og at eg har ein del faste lesarar, som ikkje legg spor etter seg, men da gjere ingenting, for eg veit dåke e der!! Men sjølvsagt er det hyggeleg med nokre ord frå dåke.

Håpe dåke ikkje har laga dåke for avanserte nyttårsforsetter. Eg ska vera endo meir aktiv saman med mann og barn, og eg skal reisa meir i da nya året! (og så ska eg prøva å jaga vekk han der samvittigheten...)