torsdag 24. desember 2009
Endeleg julafta
Med bilder av familien som pynta julatreet i går kveld (far sat i sofaen med knekt fot på ei puta og tok bilde!) så vil eg ynskja alle lesarane mine ei GOD JUL!!
tirsdag 22. desember 2009
Og så no då...
I dag fekk eg denne nydelege oppsatsen frå min kjære mann! Og heldige meg som har ei veninne som er blomedekoratør som veit kva eg likar!!
Men da som e mindre kjekt er at mannen har knekt foten, og i dette øyeblikk e nyoperert på Stord. Operasjonen var vellykka, men vi veit ikkje om han kjem heim til jul. Eg e difor litt lei meg no. Og han har sendt meg blomar for å vise at han er lei seg. Dette då han hadde vore heime i eit døgn då uhellet skjedde....og då hadde han vore på jobb i nesten 3,5 veke...så da blei litt mykje på ho mor!!
Men for ungane si skuld, så ska da ikkje mangla noko til jul. Så no er treet på plass ( takket være storebror, Terje!) , og eg ska vaska og ordna i måro, sånn at da blir jul hos oss og!
Savne deg, Terje. Håpe du snart kjem heim til oss.
lørdag 19. desember 2009
Kvit jul???
Sånn ser da ut utanforbi nett no....kjeme da te å halda heilt fram til jul???

Og så kom tallerkenhylla mi opp til helga og. Mannen kom frå nordsjøen i går, og da fyrsta han gjorde ( itte å ha lagt ungane) va å montere den.... avtalen var at eg skulle ha kalde øl i kjøleskapet, og han skulle henge opp hylla! Greitt det. Hylla fyrst, øl etterpå!
fredag 18. desember 2009
Jippi eg har vunne!
mandag 14. desember 2009
Japp-ruter
2 store japp
100 gram margarin
puffa ris
2 store Melkesjokolade
Smelt japp og margarin. Bland inn passeli med puffaris. La dette stivne litt. Smelt melkesjokoladen og smør den utover. Set det i kjøleskapet til det har stivna. Så kan du dele opp i passelige ruter. Nyt!!
lørdag 12. desember 2009
Blogganbefaling
I dag kom eg over ein flott blogg som du kan lese meir om her . Mykje godt her, så stikk innom og sjå du og!I dag e da kaldt og fint ute. Rim på bakken e vel da nærmaste vi kjeme snø på ei stund???
Denne dagen byrja før kl 6, så no kl 9 e da langt på dag! Prinsen skal i bursdag idag, og etterpå skal vi tre til vår kjære Anita og ete pizza og godteri! Nam nam. Vi gler oss, Anita!
torsdag 10. desember 2009
Og vinnaren er...
Vinnaren av førjulskonkurransen min er: LAILA
Min gode kollega vil sjå premien stå på kontorpulten sin når ho kjem på jobb på mandag. GRATULERE!
Abonner på:
Innlegg (Atom)