onsdag 23. september 2009

Noko nytt og noko gamalt

Eg har fått sånn sansen for gamle ting, eller iallefall gamal stil. Då eg kom over denne gamle osteklokka vart eg overlukkeleg...Og den passa jo så godt som perfekt til dette fatet som eg kjøpte på Frk Lande på Stord, til HALV PRIS. Ein aldeles herleg snopebutikk for oss damer!

Desse store krukkene fekk eg til bryllaupet. Dei er tomme føreløbig, men eg har tenkt å fylle dei opp. Og då eg kom over dei små krydderboksane i eit gamalt skåp, kunne eg jo ikkje dy meg. Dei var så nydelege. Og gjorde ingenting med litt hakk, sprekker og inntørka kanel. Eg er no den heldige eigar av desse!
Eg har fri idag, og nyter ein regnfull dag inne, med mann og barn, som og har fri. Vi har vore og bestilt pass, då vi skal til syden i november. Gler oss alle te da. Så då kom eg brått i sparemodus. Godt eg har handla litt frå meg i da sista då :-) Håpe andre og nyter haustdagane innandørs, med blogging, stearinlys og god mat!

søndag 20. september 2009

Litt regn og masse sol

I dag skulle vi på tur, uansett. Rundt Hattebergsfossen bar da. Masse regn, rett og slett. Men ut på tur, aldri sur...
Synst vi såg eit troll som var blitt til stein her....
Og før vi visste ordet av da, så skein sola frå blå himmel... "Været er rart", sa glupisen på snart fem år.

Og da blei visst for langt tur for prinsesso. Ho sovna til slutt, trygt og godt oppå pappa sin rygg.





Kjære du i baroniveien...

Eg avsluttar ikkje konkurransen min, før ho der i baroniveien melde seg på....Så kom igjen og kommenter!

fredag 18. september 2009

Mor sitt mareritt

Som mor til to små, er det ein ting som eg synst er eit mareritt, rett og slett. Da e når vi skal i sånt familieselskap, der da e forventa at alle skal sitja fint ved bordet og eta kaka.... Da går sjeldan bra for vår del... Og då eg e den einaste i familien som har klart å produsere barnebarn/oldeborn, ja så e da nok eg som føle på detta.

Og eit sånt selskap var vi i idag. Oldebesto hadde bursdag i går, og den skulle feirast idag. Ho hadde gjort alt ho kunne for at da sku bli eit kjekt selskap. Duk på bordet, da finaste servise, brus til ungane og vafler med 3 ulike syltetøy-valg... Så viste da seg at da va bare eg med to ungar og pappen min som kom. Andre var sjuke og kunne ikkje.... Eg e veldi gla for at vi kom, da blei oldebesto veldi gla for.
Og som vanleg i sånne selskap, så byrjar da bra. Ungane sit fint, og ete. Drikke fint av glaso sine, og mor slappar av. Så byrjar 1 åringen og gå opp og ned frå sofaen, skoen heng litt fast i duken, og bessen byrjar bli litt svett. Eldste på 4 år, har tatt på syletøy sjølv, og det tyte ut av vaflo, og drypper ned på golvteppet og duken. Mammo prøve å tørka opp, og hindre katastofe... Jada, så byrjar tullemor å drikke heilt sjølv frå glaset. Og då havna sjølvsagt colaen på kjolen. Ja, ja, bessen har på detta tidspunktet flytta prinsesso bort te ho mor.
No startar vandringa, ut på golvet, tilbake i sofaen, velta ein kopp (tom heldigvis!) og krangla litt, når mor seier dei må ete opp vafla dei har på tallerken, før dei kan ta ny. No byrjar sukkeret frå colaen å virke, og mine to håpefulle blir litt meir aktive av det. Så etter at mor har sagt at prinsen skal setje glaset frå seg og ikkje vandre rundt med det, 5 gonger, søler han det sjølvsagt ut på duken, golvet og over vaflefatet...
No har eg byrja snakke om å gå heim...og alt detta på 30 min. Så då var festen over, ut og lufte gulla litt, og inn i bilen. No ska vi heim. Og der var det over på under ein time... Puh, så var det ei stund til neste gang. Håpe snart nåken andre i familien og kan få nåken avkom, sånn at ikkje heile slekta meinar at eg har uoppdragne ungar, men at det er bare sånn ungar er!!

søndag 13. september 2009

Hvem er dere...

"Hvem er dere som er så små..." Kven hugsar ikkje Geir Børresen og smurfene, på slutten av 70 talet, byrjinga på 80 talet?? Dei skjønne små, som har komme igjen og igjen, med smufehits ol. Og kven har ikkje ungar idag som elskar smurfedropsa? Veit dei egentleg kven smurfene er? Vel, her kjeme eit bilde av ei smekker Smurfette!!

Anledningen for antrekket var 30 års dagen til ei veldig god veninne! Oppdraget var at alle som skulle på festen, skulle kle seg ut som noko eller nokon som byrja på same bokstaven som navnet deira! Så då sa da seg vel sjølv?? Mamma sydde hua, etter oppskrift på nettet. Kvit kjole som og vart funnen hos mamma, blå gensar, blå tights, kvite sko, blond parykk og blå ansiktsmaling, var da i boks! Og festen var ein suksess! Gratulere til Reidunn som er på veg inn i 30 åra!!

mandag 7. september 2009

Konkurranse

Eg har verkeleg passert 500 besøkande på bloggen min, og da sette eg veldi pris på! Tusen takk til alle! No har eg tenkt å ha ein liten konkurranse blandt dåke som besøker meg. Og då virke da som detta:
- Eitt lodd for å kommentere under dette innlegget.
- To lodd for å følge bloggen min og kommentere
- Tre lodd for å ha link på eigen blogg til konkurransen min, følge og kommentere under
Skriv i kommentaren kor mange lodd du tar!

Alle kan delta, dersom du ikkje har blogg, skriv du bare navn og eventuelt e-post adresse i kommentaren! Trekning blir 1. oktober 2009!

Fyrste premie er ei Paperblanks dagbok for 2010. (Nydeleg design, og passelig "veske-størrelse")
Andre premie er ein "haust-kos-pakke"!

onsdag 2. september 2009

500

Eg registrerer at eg har passert 500 besøk på bloggen. Så gøy. Og takk til alle som kikker innom. Eg er litt ut slått av omgangsjuka for tida, men kjem sterkare tilbake , med blandt anna konkurranse!!! Så følg med!