fredag 21. august 2009

Kveldskos

Sitte her inne i varmen og kosar meg. Ute regnar da masse, og da e haust. I går fekk vi eit lite varsel om ka vi egentli har gått glipp av i sommar...29,5 grader viste da på bilen kl 15. Og prinsesso hadde sommarkjolen på, og prinsen shorts, heilt te regnet kom rundt barne-tv tid. Så var det over, like fort som den kom.

I dag var det jobb igjen. Eg har ein spanande haust i møte der. Litt omorganisering, som gjer at eg får jobba med da eg like best. Så eg gler meg te å ta fatt på ny veka! Og med mann som skal byrje i oljo igjen, og ALT som skjer når han har jobbeperiode, så kan ting verte utfordande. Men eg er jo kjent for å ta nye utfordringar på strak arm, så....eller?? Vel, synst no sjølv at eg er flink å omstille meg. Godt eg har så mange folk rundt meg te å hjelpe til! Takk for da!

I kveld har mannen gutta-fest i "furtebuo" si. Så eg sitte inne med stearinlys frå bryllaupet (va eit par igjen ja..) og Amanda på tv. Heilt topp! Ha ei fin helg alle saman!

tirsdag 18. august 2009

Barnehagestart

Så var vi igang igjen...Det vil sei, prinsen har gått i barnehagen to veker, med gips og greie. Da har gått veldi bra egentli. No har han fått dreisen på krykkene og, og kjeme seg opp og fram her i verden alltså! Men i dag var dagen for at prinsesso skulle byrja og. Nye matboksar var sjølvsagt kjøpt inn for anledningen. Eg tenker at nytt år, nye matboksar, så klart! Så prinsesso har fått matboks frå http://www.blafre.com/ og prinsen ein Star Wars matboks eg kjøpte i Kristiansand. Prinsen blei sjølvsagt overbegeistra!!

Og etter x- antall timar med strykehjernet for å merke kleda deira....så var dei klare. Med nye regnkle begge to (prinsesso måtte få rosa, sånn at ingen skulle spørje kva "han " heitter...Har litt lite hår og då e da kje så lett å sjå...men hallo???), var dei klare! Men i dag skein solo i Omvikdalen, så... Deili! Oppstarten for prinsesso gjekk fint, ho sov der og faktisk. Men ho er framleis ein mammadalt, så vi får no sjå. Men på fredag e da jobb, så eg har ingen valg! Kanskje e da prinsen som kjem til å slite mest, for no har jo mammo vore heime i 1,5 år, og hatt goood til om morgonane og rundt levering, med ferdi middag heima itte henting, ingen stress...og no? ka skjer liksom? vel vi får ta da som da kjem.

Og til kvelds åt sesso yogurten sin aleine. Nydeleg lite vesen! (Gløymte smikka, men ka gjer vel det?)




lørdag 15. august 2009

Endeleg....

Bohus bilen kom som avtala. Og eg var så nøgd...heilt te e såg av skjenken var flatpakka!! Kva kjem mannen te å sei no?? Då veit han at kvelden går med, for da ska skje no, nett no, og ikkje i måro. Så eg sendte han ein sms med: "Gled deg te flatpakke i kveld!" Han svarte: "Ikea?" " Nei, kjære, Bohus!!"
Og sjølvsagt vart kvelden nytta til samanskruing...


For ei tid tilbake kjøpte eg Lady`s handymann på Byggern. Og den tar mannen ofte i bruk (sjølv om han har garasjen full i eigne verktøy!), men han er godt opplært, og spør alltid om lov fyrst! Og i denne saken, får han sjølvsagt lov.
Så kvelden gjekk med den, men så blei jo resultatet ganske bra, spør du meg!! Og når siste lerrets bilde frå bryllaupet kom dagen etter, vart det fullkomment! Så sånn ser da ut, når alt kom på plass!

Oppå skjenken står skåler vi fekk til bryllaupet, laga av Sara Reed. Ho har masse fint, som ein kan kjøpe på Galleri Guddal i Rosendal og Galleri Giga på Stord.


onsdag 12. august 2009

Ein liten kunstnar!


Ein liten kunstnar er fødd..... med djup konsentrasjon og fargestiftar, var prinsessa klar for å teikne. Og jenta visste korleis ho skulle bruke blyantane.

No e da mindre enn ei veke til ho skal begynne i barnehagen, og mammo på jobb. Da blir spanande og utfordrande. Men er veldig glad for at eg har vore heime såpass lenge. Sjølvsagt var det kjekt at det kom inn lønn på kontoen i dag, sjølv om det bare var for ein halv månad...

Da e haust no. Det regnar dagleg ( som om ikkje da har gjort da lenge...) og eg er klar for stearinlys og fyr i ovnen.

I morgon kjeme Bohus-bilen med skjenken min ( og ei hylla eg bestilte i siste liten, som prinsesso ska ha på "bøttekottet" sitt!

tirsdag 11. august 2009

Ein stor tabbe!

Etter ein litt kjedli morgon, med kjefting og sånt, skulle eg glede prinsen med nytt Kaptein Sabeltann blad!! Fin tanke. Men ka skjer???Jo, prinsesso rive tak i da og tar av plasten og begynne og lesa, mens eg tar ut varene frå butikken..Shit ka gjer eg no? Eg må vel fint køyra på butikken og kjøpa eit til...

fredag 7. august 2009

Endeleg grilling igjen...

Då va sommaren nesten her igjen. Mamsen og prinsesso har gått i sommarkjole og lufta tillane idag!! Og då måtte da bli grilling på terassen. Så då va da å tørka støv av møblane og installera seg igjen. Deilig!!
Papsen laga hamburgarar frå boten av ( vel, han slakta ikkje dyret og sånn, men...) og dei blei knall!
Må og presisere at hamburgerbrøda er heimalaga i dag av sjølvaste mamsen! No e da blitt kveld, og eg sit ute i hagamøblane mine, bloggar og ja, eg ete chips frå chips skåla mi, og godis frå godis skåla. Ska trimma da av i måro tidleg!!!!! God helg!

Premie!!

Anne Tone var besøkande nr 200, og kan vente seg ein premie ein av dei nærmaste dagane!! Så folkens, her e da bare å følge med vidare!!