fredag 22. mai 2009

Nytt kjøkken for 400 kr

I dag har eg vore heima med to små, då det har vore planleggingsdag. Så når minstejenta søv, og eldstemann ser på Handy Manny...kan mor sitta på nettet og sjå på bloggar...og då vart eg så inspirert. Så eg klødde i fingrane itte å fornya kjøkkenet litt. Etter 5 år med orange dukar og mørkebrune potter ( ja, eg gløymte å ta "før-bilde"), så var eg klar for forlysing. Så då mannen var komt heim, og fiskabollane var fortært, for eg avgårekåre til Rosendal på shopping. Dukar og t-lys vart kjøpt hos Tilbords og blomapotter hos familiebedrifta Fredheim Blomster!! Alle viser ikkje på desse bilda, men er veldi fine....har to i vinduskarmen.


Og så fann eg eit kakefat som eg har fått hos mamma, som duger bra som fruktfat og...

Og vips så fekk eg eit nytt kjøkken for nokre hundrelappar. Eg har same stoff i brikke på kjøkkenbordet og. Men med ein eittåring i huset, er den liten, og kan ikkje dragast av bordet...

Bryllaupsgåve nr 2





Fekk ei ny gåve i dag. Og den kunne berre opnast. Så då gjorde eg da. Og fyrst såg da ut som ei kjempebok om hjort. Eg tenkte hæ? ....og opna vidare. Då opna da seg eit stort bilde av to hundar, Eg tenkte dobbelt hæ?... og opna vidare, og då tenkte eg jadamm. Der openberra det seg tre vinflasker!!! Orginalt. Sånn vi likar det!!!

mandag 11. mai 2009

Bryllaupsgåve nr 1



Eg har lenge ynskja meg ei slik hagemøbel gruppe, og denne falt eg for med ein gong. Eg sa til storebror Terje, at den ynskjer vi oss til bryllaupet. (Litt vanskeli å sei vi og oss heile tida, for da e jo eg...) Og plutseli ein dag, så stod den på terassen...

Eg veit ikkje kven den er i frå enda...Kort skulle komma etterkvart. Men eg trur den er frå ein eller fleire som har etternamn Hus.

torsdag 7. mai 2009

STIL-Bestikk

Eg har lenge samla på STIL bestikket hos tilbords. Eg har på ynskjelista vår hos Tilbords ein del ting for å fylle opp, slik at vi har alt i serien. No les eg i eit tilbudsblad at denne serien skal ut av produksjon. Det skal no i mai vere 50% på dette bestikket. Så eit hot tips viss nåken vil gje oss ei gåve:-)

Bloggverden

Eg kjenne eg e klar te å utvida bloggen min snart. Eg blir veldi inspirert av andre bloggar, og har allerede funne ut kva bloggen min skal heitta vidare. "Kvardagsgleder" blir namnet, og eg har masse eg vil visa på bloggen min. Så da kan henda at da kjem litt andre ting innimellom no framøve, sjølv om bryllaupet står i høgfokus...

onsdag 6. mai 2009

Ynskjelister

Jada, no er eg vel så og sei ferdi med ynskjelistene mine på butikkar i Rosendal. Eg har lagt inn liste på:

- TILBORDS
- STEMNING
- ÅRMANN DESIGN
- GALLERI GUDDAL

Men eg ynskjer jo meg alt og ingenting. Eg eeelske jo presangar. Og eg like å bli overraska. Så te dåke som vil gje oss noko te bryllaupet, overraska oss. Gje oss noko uforglømmeleg. Ein opplevelse. Bruk fantasien. Og eg glede meg!

lørdag 2. mai 2009

Utdrikkingslag 1

Så var da fyrsta utdrikkingslaget overstått ( dvs at formen hans er vel ikkje heilt på topp endo, så da går vel ein dag te med...)

Terje vart ringt etter av Rune, fredag 1. mai, om han kunne "koma og hjelpa han med noko". Eg hadde visst om dagen sidan påsken, men har klart å halda da skjult:-)Han tok sjølvsagt med seg Andreas, sjølv om eg prøvde å forhindra da, for han likar jo godt å vera med på sånne jobbar. Men tante Marianne tok seg av han, og han fekk bada han, mens pappen fekk bind for augene! Og han vart skikkeli lurt, ja. veldi morsomt!

Så bar turen til Ljøkelsøy og paintball, og Skånevik for meir fest og moro. Båten te Jonny var skyssmiddel, og omlag 23 guttaboys fekk ta seg ut da dei kunne. Brudgommen sjølv er veldig nøgd, som han sa: "ein fest i Terje Hansen si ånd..." Så då må vel alt vera bra.

Så e da bare å venta og sjå kva neste blir....