fredag 20. september 2013

Plommepai




Det er haust og det er plommetid,
og det er victoriaplommer...

Dei er ikkje gode å ete,
synst eg.

Men her om dagen såg eg at Malena la ut bildet av dottera, Jenny, sin plommepai,
og tenkte at det kunne eg bruke desse plommene til.

(Som sjølvsagt kjem frå pappa sin utømmelige hage.)




Eg brukte Maizenna-paideig.
Det var tross alt fredag ettermiddag og nesten kveld.

Forstekte den i 10 min på 200 grader.


Pisk 2 egg saman med 150 gram sukker, luftig.
Ha i 75 gram kokos og 2 ss fløyte 
(valgfri kva type, eg brukte matfløyte)

Hell det oppå deigen.


Eg hadde god hjelp til å hakke opp plommene


som vi fordelte ut over i forma.

Det står 1 kg plommer i oppskrifta, men eg trur vi brukte ca 10 store plommer.



Dryssa på kanel og sukker.


Inn i ovnen på 200 grader i 25 min.


Varm plommepai klar for servering.

Kjempegod!

Kan verkeleg anbefalast.

Oppskrifta fann eg då eg googla
"plommepai med kokos"
Ligg på ....detsøteliv.no

Fin fredag til dåke alle!

PS: Ser du noko nytt i stova??




4 kommentarer:

  1. Vi (eller Jenny) brukte og maizena-deigen! Bruker den til alt jeg (eller vi). Har en ss sukker i deigen når vi (eeeeeelller Jenny) lager dessertpaier... :-) Sanr det blei god pai? Og hvordan går det med beste guten i huset? PS. digger lampa! Skikkelig fin. Hilsen fra the spottified house.....

    SvarSlett
  2. Hmm... Ser veldig god ut! Takk som deler oppskrift :-)
    God helg !

    SvarSlett
  3. Flott pai! Og fin blogg :) Fann deg via bilete av trappa di - i leit på trappebildete på Google. Lurer på kvar de har kjøpt den?

    SvarSlett
  4. Såg utruleg godt ut, den må eg prøva ein dag !! Håpar du kosa deg med paien

    SvarSlett