Bohus bilen kom som avtala. Og eg var så nøgd...heilt te e såg av skjenken var flatpakka!! Kva kjem mannen te å sei no?? Då veit han at kvelden går med, for da ska skje no, nett no, og ikkje i måro. Så eg sendte han ein sms med: "Gled deg te flatpakke i kveld!" Han svarte: "Ikea?" " Nei, kjære, Bohus!!"
Og sjølvsagt vart kvelden nytta til samanskruing...

For ei tid tilbake kjøpte eg Lady`s handymann på Byggern. Og den tar mannen ofte i bruk (sjølv om han har garasjen full i eigne verktøy!), men han er godt opplært, og spør alltid om lov fyrst! Og i denne saken, får han sjølvsagt lov.

Så kvelden gjekk med den, men så blei jo resultatet ganske bra, spør du meg!! Og når siste lerrets bilde frå bryllaupet kom dagen etter, vart det fullkomment! Så sånn ser da ut, når alt kom på plass!

Oppå skjenken står skåler vi fekk til bryllaupet, laga av
Sara Reed. Ho har masse fint, som ein kan kjøpe på Galleri Guddal i Rosendal og Galleri Giga på Stord.